Hastebygging av ny motor
Begge søsknene Breivik «mista» bilane sine i sesongopninga. No er Karoline Breivik likevel klar for andre NM-runde.
Mens Kristian Breivik Gjøen tok sin første pallplass, men ufrivillig fekk bilen sin selt etter første runde i vestlandsmeisterskapen i bilcross, blei det motorhavari for storesøster Karoline Breivik i første runde i NM i rallycross.
– Bilen blei sendt tilmotorbyggar. Der viste det seg at det berre var toppen som var skadefri, fortel Karoline.
Etter ein lang vinter med førebuing til sesongen, og ein morfar som jobbar tidleg og seint på verkstaden, sto Team Karoline no i ein fortvilande situasjon.
Bygde ny motor
Andre runde i NM går i Vikedal til helga. No gler Karoline seg over at ny motor er på plass.
– Vi har fått bygd ein ny motor, ein 3-liters evo-motor. Bil med ny motor blei henta i helga, no er det full jobbing med å førebu bilen til løp.
Håper på heimepublikum
– Vi reknar med at vi rekk dette. Eg får dessverre ikkje testa den før løpet, og konkurransen er knalltøff, men Vikedal er nærmast heimebanen min, så eg ser veldig fram til denne NM-runden.
Karoline håper fleire motorsport-entusiastar frå Os tar turen til Vikedal til helga, og ønskjer dei som kjem for å sjå på velkomen innom Team Karoline sitt telt for ein prat.
• Midtsiden samleside: Motorsport