Sport | 25. apr. 2017

Pallplass med bismak

Bilcross: Kristian B. Gjøen var i helga på pallen for første gong. Så blei han tvungen til å selja bilen som morfar har bygd til han.

Pallplass med bismak
Kristian på pallen for første gong - tok 2. plass i første runde i vestlandsmeisterskapen. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 25. apr. 2017 12:27

Bildeserie:

Kristian måtte selja den nye bilen sin, og står no utan bil.
Kristian måtte selja den nye bilen sin, og står no utan bil.
Karoline tok 3. plass og køyrer NM neste helg. (Foto: KVB)
Karoline tok 3. plass og køyrer NM neste helg. (Foto: KVB)
1 av 2

Kristian Breivik Gjøen frå Os stilte med ny bil og kvalifiserte seg til landsfinalen på første forsøk då han hamna på 4. plass i eit kvalifiseringsløp på Eikås i inngangen på påsken.

Med nesten dobbelt så kraftig motor låg han lenge på 2. plass, men måtte stoppa grunna tekniske problem.

No i helga var første runde i vestlandsmesterskapen, i Vikedal, og då fungerte bilen også til finalen var over.

Vann alle innleiande rundar

Kristian hadde god start og køyrde først i mål i alle innleiane rundar.

I finalen rota han litt med girvekslinga til andre gir, og hamna sist. Så køyrde han seg opp til 2. plass.

– Det var mykje fighting i finalen, og mykje rart som skjedde.

– Men Kristian heldt hovudet kaldt, køyrde fornuftig og fekk ei fin plassering, seier morfar, mekaniker, sponsor og mentor, Håvard Gåssand.

Måtte selja bilen

2. plassen var Kristian sin første pallplassering, men helga blei ikkje berre gledeleg for motorsportlaget frå Os.

– Det kom bod på bilen, så den måtte seljast, fortviler Håvard, som har brukt vinteren på å bygga den.

«Bilcross kjennetegnes ved at bilene skal være rimelige i innkjøp, og at deltagerne forplikter seg til å selge bilen for en pris fastsatt i Bilcross-reglementet, hvis det under et stevne kommer inn bud på bilen innen en fastsatt tidsfrist» skriv bilsport.no om reglane.

Det er første gong det har kome bod på barnebarna til Håvard sine bilar. Dei la sjølv inn bod, dermed blei det loddtrekning, som dei tapte. Dermed måtte bilen seljast til det som er bestemt som fast pris; 9000 kroner.

– Blir det sett på som ufint å koma med bod, sjølv om regelen er der?

– Nei, det treng det ikkje bli, men eg synest ikkje noko særleg om at det kjem vaksne køyrarar og legg inn bod på juniorbilar. Ungdomen legg mykje i dette, og så forsvinn bilen.

– Det er den beste bilcrossbilen eg har bygd, så han får nok ikkje noko tilsvarande igjen i løpet av denne sesongen. Kva vi gjer no, veit eg ikkje. Bilen han køyrde i fjor treng ny motor. Det krev tid å finna ein god nok, og å få denne på plass, men eg håper han får køyrd nokre løp til denne sesongen.

Karoline fekk 3. plass

Storesøster Karoline Breivik, som i fjor overtok morfar sin Volvo for å køyra rallycross, låg på 2. plass av tre køyrarar i klassen.

– I finalen hamna ho ut i gjørma, og hamna då bakerst. Bilen var ferdig med ny gir fredag kveld, så ho hadde ikkje fått testa den før løpet. På ein normal dag hadde ho halde på andreplassen, meiner Håvard.

Neste helg køyrer ho NM på Gardermoen.

– Det er ein tøff klasse. Eg reknar med at det kjem rundt 25 deltakarar i første NM-runde. Der bør målet vera å bli ein av dei 14 som kjem til ein av dei tre finalane, seier Gåssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.