Lokal | 16. sep. 2016

– Hauge skal vera grøn

Politikarane på tvers av partigrensene var samde, golfbanen skal forbi grøntområde i arealplanen. Men klubben må sjølv komma til semje med grunneigarane.

– Hauge skal vera grøn
Erik Just-Olsen og Per-Ove Bahus Lysvold frå Bjørnefjorden Golfklubb orienterte politikarane om klubben og dei vidare planane (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 16. sep. 2016 07:15

I samband med den nye arealplanen til kommunen har grunneigaren på delar av området Bjørnefjorden golfklubb i dag ligg på spelt inn at dei ønskjer å få området fargelagt gult til bustadutvikling.

Det har fått golfarane til å sjå raudt, men når dei torsdag inviterte politikarar frå alle parti til møte, fekk dei forsikringar om at Hauge også i overskueleg framtid skulle forbli grønt (satt av til LNF-område, journ.mrk).

– Vi vil aldri tillata utbygging, flagga Helge Steinum (Ap) etter at Erik Just-Olsen og Per Ove Bahus Lysvold hadde presentert golfklubben, aktivitetane og uroen for å mista tre av hola på banen.

Må snakka med grunneigarane

Steinum fekk tverrpolitisk støtte frå dei andre partia.

– Det er opplagt at eit område som Hauge må takast vare på. Det er ein del av det å gjera Os sentrum attraktivt, påpeika Sveinung Stensletten (V).

– For oss står eigedomsretten sterkt, men det gjer idretten og friluftslivet også. Dere må bli einige med grunneigarane, påpeika Gustav Bahus (Frp) som fekk støtte frå Siren Tømmerbakke (Sp).

– Vi kan sørgja for at det fortsatt skal vera LNF, men de må som Gustav seier ha ein avtale med grunneigarane.

Os sin Central Park

Før politikarane gav sine løfter hadde golfklubben presentert aktiviteten og planane dei har for å skape meir fleirbruksaktivitet på området.

– Dette er eit friluftsområdet som kan bli som Central Park i New York den dagen vi blir 40 000 innbyggjarar i Os. Her kan vi legga til rette for barneskirenn på vinteren om det kjem snø og knytta saman turstiane nede langs fjorden med turstiane i Nordmarka og Knutabrua om de vil, forklarte Erik Just-Olsen.

30 på arbeidstrening

Driftssjef Per-Ove Bahus Lysvold hadde då allereie fortalt om driften av klubben og det arbeidet dei gjer for å gje noko tilbake til bygda.

– I løpet av åra har vi hatt 30 personar på arbeidstrening via NAV her oppe. Vi har grøn golf glede kor vi foreløpig samarbeider med LHL, men kor vi også gjerne ser for oss å få til ting for folk med rusproblem eller folk som er langtidssjukemeldte. Det er stor helsegevinst i å komma seg ut og spele golf.

– Kjem det ei skule austom elva er det heilt naturleg at området kan nyttast til delar av kroppsøvingfaget. Det blir det faktisk gjort i nokre tilfeller på Os ungdomsskule allereie i dag, fortalde Lysvold.

Bjørnefjorden golfklubb i korte trekk:

  • 655 medlemmar, det nest største idrettslaget i Os
  • 750 000 blir lagt ned i dugnadsinnsats kvart år frå medlemmane
  • 20 millionar er investert i anlegget på 22 år
  • Har ein maskinpark verdt omlag 2 millionar kroner
  • 3 heilårsstillinger + ein rekkje deltidsstillinger i sesong
  • Disponerer omlag 200 000 kvadratmeter areal
  • 40 000 spelte golfrunder i 2016

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.