Kultur | 28. okt. 2010

Hausta medalje i Manger

Os og Kuventræ skulekorps gjorde det nok ein gong skarpt under Mangerfestivalen.

Hausta medalje i Manger
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. okt. 2010 13:30

I jubileumsåret i fjor blei det gull, i år ble det endå høgare poengsum, men sølv til hovudkorpset frå Os.

- Vi stilte med teiknefilm-musikk, ein cartooncarnival-medley med låtar frå filmar som Prinsen av Egypt og De Utrolige, og det slo utruleg bra an, seier dirigent Haldis Bårdsen.

Konkurranseinstinkt på topp
Mangerfestivalen er ein av to-tre årlege konkurransar Os og Kuventræ skulekorps deltar i. Sjølv om dei unge musikarane treff mange likesinna på slike samlingar, er det konkurransen dei synes er viktigast.

- Korpsa held seg med sin gjeng. Det er konkurranse og alvor, med erkerivalar og prestisje, vi stiller for å vinna, men er nøgd med årets prestasjon og sølvmedaljen, seier musikarane.

Dobla medlemstal
Då Bårdsen starta som dirigent for tre år sidan hadde korpset 25 medlemmar. No er dei rundt 60.

- Vi har vore heldige med rekrutteringa den siste tida, ikkje berre med mengda, men med spredninga på intsrumenta. No har vi godt belegg på alle instrumentgrupper, noko som er ein stor fordel når du driv korps.

Med 19 aspirantar, 16 juniorar og 32 i hovudkorpset er dei også fint fordelt i alder, frå 7 år og opp til ut skulealder.

Konsert og tur
I tillegg til konkurransar reiser korpset på tur, nokon gongar til utlandet, medan den faste sommarturen i år gjekk til Kinsarvik.

- Då reiser heile korpset, ofte med foreldre og søsken, ein fin og engasjert gjeng i eit godt og livleg miljø.

Ungdomane fortel at det at det er ungdomar frå heile bygda med i korpset, ikkje berre frå Os sentrum og Kuventræ, gjer det ekstra kjekt.

- Så har vi konsertar, neste ut er showkonsert i Fjellheim 27. november, blant anna med teknefilm-musikken vi i helga vann sølvmedalje med, fortel Bårdsen.

VIDEO: Onsdag var det øving på nytt materiell, men musikarane i korpset såg ut til å ta dei nye notane ganske raskt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)




Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.