Sport | 11. aug. 2010

Haustsesongen i gang

Leif Hetleflåt og Akina vann klassen sin i haustens første Korsfjord-trim.

Haustsesongen i gang
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 11. aug. 2010 08:51

Godt over 20 gradar i lufta og blikkstille fjord, seglarane forsto tidleg at haustens første seglas i Korsfjorden kom til å bli langt og varmt. Litt regn kom det òg, men då seglaset starta letta det igjen.

- Det er no 41 båtar som har meldt seg på denne seglasen. Auka kjem i stor grad frå Bergens Seilforening, der fleire medlemmar har oppdaga denne fine seglasen vi har i Korsfjorden annakvar tysdag, seier Svein Skoglund frå Os Seilforening.

22 av desse 41 båtane stilte til start i går.

Tett start
Då startskotet gjekk for dei minste båtane løya vinden noko, men dei kom seg fint av garde. Fem minutt seinare var det dei større båtane sin tur, og då var det endå mindre vind.

- Dei største tok det vesle som var av vind frå dei andre, så det blei både trongt på startstreken og litt rotetet. Det var rett og slett vanskeleg å merka kvar vinden kom frå.

Korta ned
Seglasen starta ved Blia. Også ved runding Kyrholmen var det tett.

- Vi skulle eigentleg segla Blia-Kyrholmen-Blia to gongar, men grunna lite vind blei seglasen korta ned til éin runde.

Akina vann minste klasse
I den minste klassen opptil lys 1.15 blei det ein kamp mellom ”Akina” med Leif Hetleflåt (Os) og to Albin Ekspressar frå Bergens Seilforening og Milde.

”Akina” kom først i mål med tiden 1:50:33 før ”Krutlisa” med Elin M. Gjerde, (BS), 1:50:40 og ”Exena” med Carl Olav Wicmann (Milde) 1:51:21.

5 båtar starta i klassen.

Holm beste osing
I klassen lys 1.16 – 1.24 var det ”Miramis” med Erik Lie-Nielsen (Milde) som tok førsteplassen 2:00:20. Andreplass gjekk til ”Piano” med Sverre Holm (Os) 2:00:44 og tredjeplass til ”Bulle” med Stein Olav Drange (Milde) 2:02:17.

Det stilte 11 båtar til start i denne klassen.

Madcap raskast
Største klasse lys 1.25 og over blei vunnen av ”Madcap” med Birger Bjerke (Milde) 1:59:31. Andreplass gjekk til ”Veni VI” med Jan Hjellestad (BS) 2:03.47 og på tredjeplass kom ”Flash light” og John Kjellevold (BS) 2:05:33.

5 båtar stilte til start i raskaste klasse.

I klassen ”Dublehand” stilte berre ”Vito” med Nina Rosenlund. Vito segla inn til tida 2:36:15.

Raskaste båt, ”Madcap” lys 1.24, brukte 1:29:12 påløypa, siste båt i mål brukte i 2:15:53.

Komplette resultatlister finn du på www.os-seilforening.org

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.