Heidra med Bergen sin «Oscar»
Emilie Christensen (24) heidra som årets unge idrettstalent.
Bergen Awards blir av arrangøren Bergensmagasinet kalla Bergen sin eigen Oscar-utdeling.
– Der Oscar-prisen kun handlar om film, så favnar vi breiare. Så sett med bergensauge er dette ein mykje viktigare pris, seier Vegard Sletten i Bergensmagasinet til sitt eige magasin.
– Bergen Awards er eit arrangement heilt i Bergenmagasinet sin ånd og visjon, som er å løfta fram gründerar, talenter og alle andre som er med på å få Bergen opp og fram. Dette skal vera ein prisutdeling til beste for alle, og som skal motivere til vidare innsats.
Far tok i mot
Under årets tildeling i Grieghallen fredag kveld blei mellomanna prisen som årets unge idrettstalent delt ut.
Jury for prisen er Olympiatoppen Vest som hadde nominert dei tre kandidatane; Sven Martin Skagestad (friidrett diskos), Emilie Christensen (handball) og Maia Lund (roing).
– Frå ingen A-landskamper gjekk Emilie Christensen rett inn i VM-troppen. Der gjorde ho ein god figur som debutant, og blei belønna med VM-sølv, heiter det i grunngjevinga frå juryen.
Prisen blei delt ut av Morten Ivarsen. Emilie hadde ikkje sjølv moglegheiten til å ta turen frå Larvik til Bergen for å motta prisen. Den æra fekk far Lars Christensen i staden.
Desse vann Bergen Awards:
- Årets markedsfører: Bergen Julemarked
- Årets bedrift: Fjordkraft
- Årets gründer: Ditio
- Årets unge idrettstalent: Emilie Christensen
- Årets idrettsbragd: Håvard Lorentzen (delt ut før han vann OL-gull måndag)
- Årets designer: Seasight
- Årets forskar/team: Center for Experimental Reasearch on Fairness, Inequality and Rationality (FAIR) ved Norges Handelshøyskole (NHH)
- Årets artist/band: Sigrid
- Årets døråpner: Norsk forening for Fjellsprengningsteknikk (NFF) v/Nils Borge Romslo og Gunnar Gjæringen
- Årets kulturbegivenhet: Hordaland Tater
- Årets ildsjel: Roger Iversen
- Årets hederspris: Hilde Sol Erdal og Arvid Ones