Næringsliv | 23. juni 2010

Heile verda følgjer med

Solstrandsprogrammet har hamna på Financial Times si liste over dei beste leiarkursa i verda.

Heile verda følgjer med
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 23. juni 2010 06:30

I lista over verdas «Top 60 open enroiment programme providers» finn vi Norges Handelshøyskole, NHH, sitt AFF Solstransprogrammet som einaste norske.

- Vi operer i dag i éin marknad, den globale. Dette er med på å visa at alt vi gjer kan bli lagt merke til, seier Børrea Schau-Larsen.

Sentral plassering
Samla sett hamna Solstrandsprogrammet på 43. plass, men på den spesifiserte lista ser vi at dei på «Food & accomodation» er på 7. plass og «International location» er på 10. plass.

- At kursdeltakarar føler seg nærmare det internasjonale samfunnet når dei er i Os enn når dei er på kurs i Spania eller Frankrike skuldast nok at vi ligg 30 minutt frå Flesland, som har gode forbindingar til London og Amsterdam. Solstrand ligg i dette perspektivet veldig sentralt, samstundes konkurrerer vi med mange gode destinasjonar.

Lokal og global
I 2008 blei Solstrand kåra til Noregs beste spahotell. Hotellet blei også tildelt Olavsrosa i 2009.

- Vi er lokalt forankra, og med lokalt så meiner eg bergensregionen, ikkje berre Os. Og så har vi eit globalt fokus. Til amerikanarar fell «the fjords» i smak, medan europearar liker tanken på at vi ligg ved Golfstraumen, fortel Børrea Schau-Larsen.

Alle tilsette ved bedrifta, utanom éi, bur i Os. Samstundes har hotellet tilsette frå over 20 ulike nasjonar.

- Vi bruker dette til å ta godt imot gjestane våre. For eksempel då vi hadde besøk av ein kinesisk delegasjon og sette ein kinesisk tilsett til oppgåva med å ønskja dei velkomen. Samstundes lærer vi mykje om kulturane til gjestane våre via våre tilsette, seier Børrea.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.