Brann og beredskap | 11. mars 2022

– Heilt normalt

SAR Queen har plukka opp folk frå sjø og båt i heile kveld.

– Heilt normalt
SAR Queen har hatt sine rundar over Bjørnafjorden i kveld. (Kart: Marinetraffic.com)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 11. mars 2022 21:03

Fredag i 17-tida landa dei på Ulven for å skifta mannskap, sidan har SAR Queen gått i runde etter runde over Bjørnafjorden, rundt KV Bergen.

– Dei har ei normal øving, og er i ferd med å gi seg no, seier talsmann for Forsvarets operative hovudkontor, oberstløytnant Ivar Moen til Midtsiden i 22-tida.

Dette er del av utdanningsprogrammet til mannskapen om bord.

– Dei øver i hovudsak på å plukka opp folk frå båt og sjø, både i lys og mørke. Det er fine forhold i dag, og det kan vera greit med mengdetrening i greie forhold før du seinare skal ut i røffare vêr.

Ut frå spora frå kveldens aktivitet, ser dei ikkje ut til å bli vippa av pinnen av dagens bensinprisar.

SAR Queen overtok etter Sea King 1. september 2020.

(Foto: Ole Andreas Vekve/Forsvaret)
(Foto: Ole Andreas Vekve/Forsvaret)

– Dei vil gi større tryggleik for folk på sjøen, langs kysten og i avsidesliggande område over heile landet, sa justis- og beredskapsminister Monica Mæland då dei nye helikoptera blei sett i teneste.

OM SAR Queen

  • Antall: 16 totalt, innfasing 2017-2020
  • Produsent: Leonardo Helicopters (tidligere Agusta/Westland)
  • Passasjerar: 25
  • Mannskap: 6
  • Hestekrefter: 3 x 2041 (tre motorer)
  • Cruisehastighet: 278 km/t
  • Rekkevidde: 266 nautiske mil (ca. 500 kilometer)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.