Heim frå NM med to medaljar
Martin Hjertaker på pallen i Bærum, Sofie Olsvold Hausberg slo klubbrekord.

I helga gjekk senior-NM innandørs av stabelen i Bærum Idrettspark.
Tjalve IK, IL I Bul, SK Vidar og Oslo FIK var arrangørar, Os Turnforening stilte med to utøvarar.
Sofie Olsvold Hausberg er tilbake etter skade tidlegare i vinter og haust, og deltok i tresteg.
Der klinte ho til med 11,51 meter, som er ny personleg rekord, ny klubbrekord og godt nok til 5. plass.
Vinnar Rachel Ombeni (Norna Salhus) hoppa 13,28 meter.
Martin Hjertaker, som gjennom haust og vinter har vist god form, og hatt blant dei høgaste hoppa i landet, deltok i høgde og høgde utan tilløp.
I høgde utan tilløp hoppa Hjertaker 1,58 meter, som er ny pers og som heldt til NM-sølv.
NM-vinnar Teodor Heldal (Fana) hoppa 1,61 meter.
Søndag var det høgde med tilløp. Der tangerte Martin sin eigen pers på 1,90 meter på første forsøk.
1,90 blei ståande som Martin sin beste for dagen, og det heldt til NM-bronse.
Vinnar Sander Skotheim (Tjalve) hoppa 2,04 meter.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.