Sport | 07. juni 2021

Sofie O. Hausberg kvalifiserte seg til senior-NM

Persa fire gongar i sesongens første stemne.

Sofie O. Hausberg kvalifiserte seg til senior-NM
Sofie Olsvold Hausberg (21) debuterer i senior-NM etter knallopning på sesongen.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 07. juni 2021 20:12

Lengde- og tresteghoppar Sofie Olsvold Hausberg (21) frå Os Turn Friidrett deltok laurdag på sesongens første stemne.

– Sidan eg har passert 20 år, og smittevernreglane er som dei er, blei det eit ganske einsamt stemne på Kuventre, fortel Sofie.

Men ho trengte ikkje mange konkurrentar for å prestera godt.

Sofie slo eigen pers i tresteg frå i fjor (11,16 meter) fire gongar, og landa til slutt på 11,31 meter.

Her kan du sjå hoppet:

Det er innanfor kravet til senior-NM.

– Eg har trent godt i vinter, men hadde ikkje trudd å klara NM-kravet i første stemne. Tangering av eigen personleg rekord hadde eg gjerne sett for meg, så dette var veldig kjekt!

Bislett neste

Ho har debuterte i junior-NM som 17-åring, og har deltatt i tre av dei siste noregsmeisterskapane for ungdom frå 15 til og med 22 år.

– Eg prøvde å kvalifisera meg til senior-NM i fjor òg, men då gjekk det ikkje heilt min veg. No gler eg meg!

Årets senior-NM utandørs er flytta til hausten, og blir arrangert i Kristiansand 10. til 12. september.

– Kva stemne skal du delta på gjennom sommaren?

– Det blir ein del lokale stemne, og så har eg meldt med på Boysen Memorial, som er eit litt større stemne med mange flinke deltakarar.

Boysen Memorial blir arrangert på Bislett i Oslo førstkomande helg. Der deltar Sofie i lengde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.