Kultur | 02. mai 2011

Held konsert i Oskyrkja

Onsdag kan du oppleva ein av verdas mest talentfulle jazzmusikarar då osingen Marius Neset held konsert.

Held konsert i Oskyrkja
Andris Hamremandag 02. mai 2011 10:16

Marius Neset opplever braksuksess med sin nyaste CD «Golden xplosion».

«The Guardian» skriver at Marius Neset kombinerer Micheal Brecker virtuositet med Jan Garbareks delikate tonalitet og gjev fem av fem stjerner.

BBC vurderar utgivinga som kandidat til årets album.

Onsdag kan du oppleva sax-fenomenet i levande livet då han saman med tubaisten Daniel Herskedal held konsert i Os kyrkje.

Jazzifisert folketonar og salmar

Neset og Herskedal har hatt ein fast duo saman sidan 2005 og blant anna vitja Os med ein konsert for nokre år sidan.

Den særprega instrumentkombinasjonen og dei to framifrå utøvarane gjer dette til ei oppleving utanom det vanlege. Duoen har eit uttrykksregister frå det melodiøse og vakre til det eksplosivt energiske.

Repertoaret er for det meste sjølvskrive, ispedd folketonar og salmar, alt i eit jazzifisert tonespråk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.