Held møte sundag
Foreldre har etterlyst informasjon om trugsmålet og situasjonen på Søfteland skule. No blir det møte.


Fredag blei det bestemt at Søfteland skule skal opna igjen måndag.
- Etter tekstmeldingane og brevet onsdag har det vore heilt stilt. Den einaste informasjonen vi har fått er via media, det er ikkje godt nok, sa mora til to av elevane til Midtsiden.no same ettermiddag.
Utan meir informasjon var ho ikkje sikker på om ho ville senda ungane til skulen måndag.
"Os kommune og politiet ønskjer ei samling om situasjonen med informasjon og debriefing for dei føresette" skriv leiinga ved skulen i ei tekstmelding som blei sendt til foreldra laurdag formiddag.
Laurdag blei det også kjent at ein ung mann blei fengsla, mistenkt for å ha med trugsmålet å gjera.