Held seg frisk
Sjukefråværet i Noreg aukar og frisørfaget er utsett. Men hos Ramsvik held dei seg friske.
Statistikken for 3. kvartal 2009 viser at det totale sjukefråværet i Noreg auka frå 7,0 til 7,7, altså med 11 prosent, frå 3. kvartal 2008.
Sjukefråværet for menn gjekk opp frå 5,7 til 6,4 prosent, medan det for kvinner auka frå 8,6 til 9,4 prosent. Dette tilsvarar ei prosentvis auke på 12,6 og 9,4 prosent, skriv ssb.no i sin rapport.
Høgt fråvær i frisøryrket
Frisøryrket er blant dei mest utsette yrka, og ligg i same periode med sjukefråvær på 10,3 prosent. Om lag som stillasbyggarar, på 10,0 prosent, barne- og ungdomsarbeidarar, 10,3 prosent og hjelpe- og omsorgsarbeidarar, 10,7 prosent.
Butikkarbeidarar ligg på 7,3 prosent, servitørar på 7,0 prosent, lærarar i grunnskulen på 5,9 prosent og advokatar på 3,0 prosent.
Sjå heile lista på ssb.no.
0,53 prosent hos Ramsvik på Os
Ramsvik Frisør er Hordalands største frisørbedrift med 55 medarbeidere fordelt på 7 salongar. Fråværsstatistikken for 2009 viser at bedrifta har eit sjukefråvær som vikar mykje frå statistikken resten av bransjen representerer. På kjedebasis har Ramsvik-salongene eit korttids-sjukefråvær på 2,05 prosent og eit totalt sjukefråvær på 3,71 prosent.
Tre salongane var nye i 2009, blant anna salongen på Os som opna i mars.
- Vi har også heldt oss friske, seier leiar for salongen Martha Torbjørnsen, og viser til eit sjukefråvær på 0,53 prosent Ramsvik Frisør Os.
Lagde eigen plan
Administrerande direktør i Ramsvik Frisør, Kristin Blytt Davidsen, fortel at bedrifta har hatt stor fokus på arbeidsmiljø i mange år.
- I starten av 2009 blei dette yttarlegare systematisert gjennom vårt eige prosjekt "Arbeidsmiljø og holdninger - den gode følelsen på jobben." Alle medarbeidarar tok del i denne prosessen, der vi i fellesskap utarbeida ein detaljert handlingsplan for korleis vi skulle ta vare på det gode arbeidsmiljøet.
Medarbeidarundesøkingar, eigne miljøansvarlege på kvar salong, fokus på etterutdanning, forebygging av konfliktar og sosiale og faglege samankomstar er blant punkta i planen.
Men det er ikkje berre snakk om psykisk velvære, frisørar kan som andre også vera utsett for fysiske plagar.
- Utforming av sjølve arbeidsplassen har også mykje å seia, frå godt arbeidslys og god luftkvalitet til arbeidsstilling og bruk av verneutstyr når kjemikalier er i bruk, seier Blytt Davidsen.