midtsiden

Hellevik i hardtrening

Os førebur seg på ny sesong med skjerpa kosthald, og hovudtrenar Frank Hellevik prøver å gå foran som eit godt eksempel.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os-spelarane skal «Eat it like Beckham», med Herbalife som sponsor kopierer dei store klubbar som Galaxy og AC Milan i matvegen før neste års sesong i nye divisjonar med både A-laget og Os 2. Under eit seminar om ernæring i førre veke blei også trenaren utfordra.

- Distributøren Reidun Vasby utfordra med til å følgja eit program der eg både legg om kosthaldet mitt og byrjar å trena. Nå har ho målt både vekt, fettprosent og metabolsk alder på meg, i dag skal resultatet på 3000-meter noterast, sa Hellevik før start.

Målet er merkbart resultat til eit større ernæringsseminar Os Turn skal arrangera på Solstrand saman med Herbalife 11. februar.

Med håp og tru på betring
Hellevik har tru på at spelarane kjem til å ha utbyte av å eta smartare.

- Vi har fokusert spesielt på frukost og mat etter trening. Om cola og bolle blir erstatta av ernæringsdrikk vil dei nok henta seg raskare inn igjen og prestera betre på trening dagen etter. Oppslutnaden var også god, ni spelarar er allereie i gong på skikkeleg opplegg med nytt kosthald, seier Frank.

Sjølv har han håp om å bli både sunnare og lettare.

- 2. divisjon kjem nok til å krevja meir av meg òg. Eg har ikkje trent på fleire år, no skal eg trena kvar dag i tillegg til at eg har lagt heilt om i matvegen.

Imponerte seg sjølv
Hellevik såg ikkje fram til dagens 3000 meter.

- Rekorden min er på 11.10, den blir vel dobla i dag, sa han før start.

Men første 200 meter gjekk unna på 50 sekund, første heile runde på 1.50. Med det låg han an til ei tid på rundt 16 minutt.

Og han heldt tempoet oppe på rundt 2 minutt, dårlegaste runde var nest siste, på 2.28. 3000-meteren enda med tida 16.15,26.

Frank har også blitt målt og scanna:
Høgd: 1.90 cm
Vekt: 106,4 kg
Fettprosent: 27,1
Metabolsk: 51 år
Tid på 3000-meter: 16.15,26

- Dette var nokre lange 16 minutt, eg kunne ikkje sprunge eit sekund raskare. Med mykje trening framover bør eg vel klara å koma under 15 minutt om to månadar.

Disiplin
Spelarane fleipar med han, sjølv meiner han alvor. Dessutan trur han kona vil setja pris på at han kjem i litt form.

- Eg skal trena kvar dag, fem dagar i veka med uthaldande trening, to dagar med styrke. I helga gjekk det i kjøt, grønsaker og ernæringsdrikk, og det skal eg halda fram med. Taco og pasta blir sjeldan vare frå no av.

- Det nærmar seg jul. Blir det lite pinnekjøt og marsipan i år?

- Julemat skal det nok bli, og nokre få dagar der eg et det eg vil. Men eg kjem til å følgja opplegget, det kjennest godt å trena igjen og det er motiverande å eta sunnare. Dessutan blir eg mett også utan poteter og baguettar, seier Hellevik.

Fleire saker