Heng i stroppene
Ein båt som har lagt til kai på Hatvik i lengre tid har no fleire problem enn motorstopp.
"Motorhavari" og telefonnummeret til eigar heng på ein lapp i styrhuset på sjarken som har lagt til kai på sida av ferjekaien på Hatvik den siste tida.
– Båten har lagt der i bortimot eit år, seier ein nabo til Midtsiden.no.
Naboen tipsa Midtsiden om båten tidlegare i veka. I dag kom nytt tips; båten har gått ned.
Diesel i sjøen
Sjarken heng framleis i stroppene som er festa i kaien, men det luktar diesel i området og redningsarbeid bør starta snarast.
Midtsiden har ikkje lykkast å nå eigar på nummeret han har lagt igjen i båten.
Brannvesenet ser på saka
Brannvesenet, som tar hand om akutte forureiningssaker, hadde ikkje høyrt om havariet før Midtsiden tok kontakt.
– Men vi skal reisa ut og sjå på båten, seier varabrannsjef Arne Monsen.