Henlagt
Statsadvokaten meiner politiet ikkje har gode nok bevis mot kvinna som var sikta for drapsforsøk.


I januar i år blei ei tilsett ved Os sjukeheim sikta for drapsforsøk på ein svært sjuk og døande pasient. No meiner statsadvokaten at politiet sine bevis ikkje held, skriv Bergens Tidende laurdag.
Ein kollega av kvinna skal ha sett det påståtte drapsforsøket. Det skal ikkje ha vore forsøk på å bruka legemidlar. Nokre dagar seinare døydde pasienten, truleg av sjukdomen, og då varsla kollegaen leiinga. Kvinna blei fjerna frå stillinga si og sikta for drapsforsøk.
- Eg har heile tida visst at eg var uskuldig. Men sjølvsagt er eg glad no. Å bli skulda for noko slikt er heilt jævlig, seier kvinna til BT.
- Vitneobservasjonane var ikkje tydelege nok til å ta ut tiltale, seier statsadvokat Gert Johan Kjelby.