Sport | 07. sep. 2009

Henriksen x 3

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 07. sep. 2009 19:47

For ei drøy veke sidan tapte Søre Neset 1-5 for serieleiar Solid. Veteranen Alsaker var med på å gjera det vanskeleg for heimelaget, men trenar Frank Haugland meiner det var mykje stang-ut og at resultatet ikkje var heilt rettferdig.

- Men fredag gjekk det betre, og då var vi i knallform, sjølv om vi berre hadde éin innbytar, seier Haugland.

- Men det verste var at det såg ei lita stund ut til å gå gale, legg han til.

To straffar
Søre Neset spete borte mot Baune 2. Det første målet kom på straffe, og målskårar Kjetil Henriksen putta også 2-0-målet.

- Men så fekk dei ein svært billig straffe. Det blei så mykje diskusjon at det var rett før vi blei sendt i garderoben alle mann, men dommaren sto fast ved sitt, så heimelaget reduserte rett før pause.

- I andre omgang kjørte vi på, og heldt fram med å styra kampen. Men så fekk Baune corner, keeperen vår var uheldig og så sto det plutseleg 2-2.

Tok leiinga tilbake
Men Søre Neset-spelarane heldt hovudet kaldt og heldt oppe konsentrasjonen. Espen Halhjem avslutta på mål, ballen kom i retur og Henriksen kunne skåra sitt tredje for dagen.

- Før slutt var det berre snakk om kor mykje vi kom til å vinna. Henriksen gjorde eit flott forarbeid og la 45 gradar tilbake så Espen også kunne finna nota med ballen, så då blei det 4-2, seier Haugland.

To lag rett bak på tabellen spelte uavgjort i same runde, så Søre Neset heldt seg på 4. plass, fem poeng frå andreplassen. Fredag (kl 19.00) spelar Søre Neset på heimebane mot Nordre Fjell.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.