Lokal | 27. apr. 2010

Henta plagsam mann

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 27. apr. 2010 07:45

I 23.30-tida måndag kveld henta politiet ein mann på ei adresse i Os.

- Vedkomande var full og ville inn til ei kvinne. Kvinna ville ikkje ha besøk, i alle fall ikkje av han, og kontakta oss for å få han fjerna, fortel lensmann Rasmus Dalen.

Mannen var ikkje mindre samarbeidsviljug enn at han blei kjørt vidare til Bergen for overnatting i arresten.

Fleire mopedtips
Mopeden som i førre veke blei meldt stolen frå Landboden er funnen igjen.

- Eigar fann mopeden sjølv. Den hadde fått nokre skadar.

Politiet har fått nokre tips om folk som har vore i området på den tida mopeden blei stolen, men er interessert i fleire.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.