Lokal | 26. feb. 2017

Her blir Fosen trekt fri

Laurdag kveld blei MF Fosen slept av grunn i Hatvik. Søndag morgon blei ho tatt i slep til Rubbestadneset. MF Marstein kjem inn i sambandet.

Her blir Fosen trekt fri
Her blir MF Fosen trekt av grunn (lesarbilde)
Andris Hamresøndag 26. feb. 2017 09:59

MF Fosen fekk trøbbel og gjekk på grunn omlag 200 meter frå ferjeleiet i Hatvika rett etter klokka 13 laurdag.

Ingen av dei 49 passasjerane ombord blei skadd i grunnstøytinga, men ferja sto fast, så passasjerane blei henta ut med hjelp frå ambulansebåten Rygervakt og frakta til Os kommune sitt beredskapssenter på Moberg.

Først litt etter klokka 21 blei MF Fosen trekt laus av fjæresteinane i Hatvika med hjelp frå SAS Virgo og SAS Orion. Dei to hjelpebåtane fekk buksert MF Fosen til kai, slik at ein fekk bilane av dekk.

Søndag formiddag tok B B Lifter under slep ut Fusa- og Bjørnafjorden. I følgje marinetraffic.com er dei to på veg til Rubbestadneset.

Marstein tek over

Rederiet FosenNamsos sjø melder søndag formiddag at MF Marstein tek over sambandet mellom Hatvik og Venjaneset.

– MF Marstein opptar rute i sambandet Hatvik - Venjaneset fra kl. 12:20 søndag 26.2.17 Kan ikke transporteres farlig last, heiter det i meldinga.

Passasjerbåten Rygerkatt har gått i sambandet frå Fosen gjekk på grunn til Marstein tek over søndag.

MF Selbjørnsfjord går inn att i sambandet mellom Halhjem og Våge etter å ha fullført eit planlagt verkstadopphold.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.