Næringsliv | 22. apr. 2014

Her kan det koma 125 bustader

... men først må omfattande infrastruktur med ny veg, vatn og avlaup på plass i Solbakken og Mobergslia.

Her kan det koma 125 bustader
På Mobergslia og sørover kan det koma inntil 125 bueiningar om dei to reguleringsplanane blir vedtekne (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 22. apr. 2014 13:33

På Mobergslia og sørover planlegg utbyggarar inntil 125 nye bustader i to reguleringsplanar.

Os kommune står sjølv for planen rundt Mobergslia med 43 bueiningar. På eit om lag 72 dekar stort område sør for tomta kor Michelsen-villaen står er det utbyggingsselskapet Solbakken Panorama AS som står for planane, som like før påske blei sendt til førstegongshandsaming i kommunen.

– No er rammene på plass med høgde, breidde, utnyttingsgrad og omfang.

– Ikkje minst har det vore ein stor jobb å leggje rammene for infrastrukturen som må på plass, fortel Øyvind Alvern, dagleg leier for Solbakken Panorama AS.

Ny veg til Mobergslio

Alvern fortel at dei allereie for vel ein månad sidan sendte inn planen, men fekk kommentarer frå administrasjonen dei måtte ta omsyn til.

– Alle kommentarane har vi gått etter og oppfylt. No skal alt vera på plass.

– I rekkjefølgjekrava ligg det at ny veg med fortau skal på plass frå krysset ved Lepsøyvegen, ny veg på cirka 700 meter med stigning 1 til 10 opp til Mobergslia, og ein felles vatn- og avlaupsplan (VA-plan) med reguleringsplanen for Mobergslia skal vera på plass før vi kan starte bygginga.

– Den nye VA-planen skal detalj-planleggast i samarbeid med kommunen, men rørføringa vil nok gå i dagens veg forbi husa i Solbakken. Det betyr at den vegen må gravast opp og nye rør leggast, før heile strekket får ny asfalt.

– Vi må òg berekna inn eventuell framtidig utbygging lengre opp i Mobergslia, så det er eit stort løft med tanke på infrastrukturen vi skal i gang med, seier Alvern.

Tek eitt års tid

Alvern håper den kommunale handsaminga, med aksept av konsept og utnyttingsgrad, skal la seg gjera i løpet av året.

– Det bør vera realistisk å få ein andregongshandsaming oppunder jul.

– Så reknar eg med at arbeidet med veg, vatn og avlaup vil ta eit års tid etter godkjent plan, før vi kan gå i gang med sjølve bygginga.

Trur dei vil vera attraktive

Eigedomsutviklaren ser ikkje tida som eit stort problem.

– Vi har måtta snu og flytta på plasseringane får å både bevara bekken som går gjennom området og for å sikra tomtene mot ras, men meiner vi no har kome fram til gode løysingar. At det tek den tida det gjer er ikkje noko problem.

– Det er frittliggande tomter med eit flott utsikt. Eg trur dei vil bli attraktive når vi legg dei ut på marknaden.

– Ta berre leilegheitsbygget øvst i feltet. Der vil dei få rundt 270 graders panorama med utsikt frå Borgafjellet til Stord og Fitjar.

– Perspektivet er eigentleg ganske ideelt med tanke på nye vegen til Bergen.

– Då vil det berre bli 10-15 minutters pendling for dei jobber her ute på Kokstad som eg gjer. Det er omtrent som å bu på Minde.

– I tillegg er det ein del i oljebransjen som pendlar mellom Bergen og Haugesund. Eg trur dei vil sjå på Os som ein attraktiv plass å busetja seg, seier Alvern.

Positiv oppleving

Prosjektet er det første eigedomsutviklaren engasjerar seg i på Os.

– Opplevinga av Os har vore veldig positiv.

– Vi har fått raske avklaringar frå kommunen.

– Ikkje alle har vore positive, men dei har kome raskt. Det er viktig i ein bransje som dette, avsluttar Øyvind Alvern i Solbakken Panorama AS.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.