Næringsliv | 29. des. 2025

Her kan du kjøpa fyrverkeri i år

Det er ikkje lagt opp til fellesfyrverkeri i år heller. I staden har du desse salsbodane å velja mellom.

Her kan du kjøpa fyrverkeri i år
Du klarer neppe kjøpa noko like heftig som dette, finalen på førre fellesfyrverkeri i Os hamn, 1. januar 2023. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Elin Johnsen
Elin Johnsenmåndag 29. des. 2025 15:29

Januar 2023 starta med eit stor fellesfyrverkeri i Os hamn kvelden etter kvelden.

Sjå videoar og fleire fyrverkeri-saker i relaterte saker under.

På tampen av same år blei det gjort forsøk på nytt spleiselag for 1. januar 2024, men utan hell. Verken januar 2025 eller januar 2026 får felles salutt.

Vil du ha fyrverkeri må du kjøpa det sjølv.

To dagar

Har du brukt dagen på å leita etter fyrverkeri? Då har du kasta vekk tida, Bjørnafjorden følgjer Bergen og opnar for sal i berre to dagar (sjølv om du kan handla fyrverkeri fem dagar andre stadar).

Når du først har handla inn, må du venta til klokka 18 nyttårsaftan før du tenner på.

Du kan skyta opp fyrverkeri fram til klokka 02 natt til 1. januar.

I Os kan du kjøpa fyrverkeri desse stadane:

  • Europris Os (Festival)
  • Extra Os, Amfi (Cosmos)
  • Fargerike Os (Festival)
  • Havneperlo Bistro & Bar (Svea)
  • Pizzabakeren Os v/Rema 1000 Kuven (Cosmos)
  • Steinsenteret Os (Svea)

Dette var stadane vi fann i forhandlarlista hos Cosmos, Festival og Svea. Veit du om fleire utsalsplassar? tips@midtsiden.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?