Lokal | 30. sep. 2016

Her kjem leikeapparata

Lyngheim har fått ei solid opprusting. No har kommunen bestemt seg for kor leikeapparata skal plasserast.

Her kjem leikeapparata
På området mellom stien og høgdedraget vil kommunen sette opp nærmiljøanlegget (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 30. sep. 2016 08:18

Bildeserie:

Aina Tjosås fortalde om opprustinga og kor dei vil plassera nærmiljøanlegget (foto: AH)
Aina Tjosås fortalde om opprustinga og kor dei vil plassera nærmiljøanlegget (foto: AH)
Ein ny tursti som òg er lettare tilgjengeleg for rullestolbrukarar er på plass (foto: AH)
Ein ny tursti som òg er lettare tilgjengeleg for rullestolbrukarar er på plass (foto: AH)
Den gamle bossfyllinga er rydda opp i og blitt eit fin område ut mot fjorden (foto: AH)
Den gamle bossfyllinga er rydda opp i og blitt eit fin område ut mot fjorden (foto: AH)
Ein platting med utsikt over fjorden er på plass (foto: AH)
Ein platting med utsikt over fjorden er på plass (foto: AH)
1 av 4

Kommunalsjef for Samfunnsutvikling, Aina Tjosås, fortalde plan- og bygningsutvalet om opprustinga av området på Lyngheim og kva planar dei har for nærmiljøanlegget som skal byggast.

– Det har blitt særs fint der ute med ein ny gangveg på tvers, det er rydda i det gamle bossdeponiet og laga ein flott uteplass med fin utsikt over fjorden. I tillegg er det rydda godt opp i skogen og planert til fine sitteplassar, innleia Tjosås før ho kom inn på det litt meir betente nærmiljøanlegget.

Har bestemt seg

– Det har vore diskusjonar omkring leikestativa og mykje fram og tilbake, mellom anna har det vore ønske om at vi skulle plassere dei nede i skogen, men det ser vi blir trangt og litt knepet. Der ser vi for oss å plassere nokre småapperat for dei minste ungane.

– Sjølve nærmiljøanlegget ser vi for oss på den trekanten som no har blitt mellom den nye gangvegen og skråningen som er der.

Har tatt omsyn

Tjosås meiner at ein med den løysninga har tatt omsyn både til det historiske tunet på Lyngheim og naboane i bakkant.

– Vi har fått penger frå fylket til dette og der er det strenge krav om kva nærmiljøanlegget skal vera fylt med. Ungane skal få øva motorikk, klatring og få utfodringar. Vi har difor utfordra leverandørane på å komma opp med løysingar i transparante stålkonstruksjonar slik at det ikkje blir for forstyrrande. Det skal stå fint mot skråningen. Dette er eit kompromiss kor vi meiner vi har tatt omsyn til alle, forklarte Tjosås.

Ikkje samde med stiftinga

Både Espen Aspenes (Frp) og Harald Døsen (Ap) lurte på om ein no var einige med stiftinga som driv det historiske tunet på Lyngheim.

– Nei, stiftinga har vore tydelege på at dei ikkje ønskjer apperater, men dette er ei kommunal tomt, så vi må få lov å styre det som vi sjølv vil. Vi meiner vi med denne løysinga får eit nærmiljøanlegg tilgjengeleg for alle, som ikkje er til sjenase og som ligg skjerma i forhold til tunet.

– Kva med det nye bygget stiftinga ser for seg å setta opp, undra Aspenes.

– Rosemålingsverkstaden dei vi setta opp skal inn på området dei disponerar, på innsida av den muren dei har fått satt opp, svara Tjosås.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.