Hildal avgjorde vanskeleg heimekamp
Serieleiaren held seg på vinnarsporet.

Laurdag, etter besøk av Poker Run og gjennomføring av Ta Sjansen i Lysefjorden, var det tid for heimekamp for Lysekloster.
Serieleiar tok imot Lokomotov Oslo, som Lysekloster slo 1-2 i vår.
Lysekloster tok leiinga med skåring av Thorstein Horneland Hildal i 43. minutt.
Hildal kom frå Stord til Lysekloster i vinter, og skåra i går sitt andre mål for Lysekloster.
1-0 sto seg kampen ut.
– Eg er nøgd med prestasjonen og resultatet. Gjestane låg kompakt og hadde berre eitt skot på mål, vi skapte 6-7 store sjansar og fekk målet som sikra oss tre poeng, seier trenar Ruben Hetlevik i intervju med eiga heimeside etter kamp.
Med nok ein siger held Lysekloster seg 9 poeng framfor tabelltoar Os og 19 poeng framfor 3. og 4. plass (som begge har éin kamp mindre spelt).
Lysekloster speler neste kamp ganske lokalt, borte mot Fana, komande laurdag.
Fana har vunne begge dei første kampane etter ferien, og ligg på 4. plass a-poeng med Frigg på 3. plass.
- Tabell og terminliste på fotball.no
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.