Hindra stortap for Fana
Keeper Chris Sunde Midtun blei dagens Os-spelar.
Bildeserie:
Os - Fana 0-2 (0-1)
Os: Chris Sunde Midtun - Anders Havsgård, Rune Mo, Jonas Hovland, Harry Moore (Fabian Bødtker 57.) - Rafael Villén, Marius Mikkelsen (Simon Søvik 81.), Steffen Kvamsdal (Kristoffer Røttingen 84.) - Torgeir Lunde, Mats Cato Moldskred og Roger Ekeland.
Os gjekk i dag på sesongens tredje tap for Fana, fire om vi tar med treningskampen i januar. Etter å ha tatt fire poeng mot to topplag etter ferien, skuffa dei på heimebane.
– Dette var dessverre langt unna det vi leverte mot Vard Haugesund førre helg. Vi er svake i alle fasar av spelet, synest hovudtrena Endre Brenne.
Fana starta ferien med to tap, men har fått folk tilbake frå karantene, skade og sjukdom.
Svakast - men ikkje sjanselaus
0-1 kom på straffe i 29. minutt. Os hadde hatt eit stolpeskot av Mats Cato Moldskred i forkant, men det var Fana som hadde ballen mest, og som såg farlegast ut.
Det siste kvarteret fekk Os nokre sjansar, men Torgeir Lunde skaut utanfor og Roger Ekeland snubla då han kunne avslutta.
– Alt blei for tamt i dag, seier toppskåraren etter kamp.
– Hadde vi ikkje hatt Chris i dag, så hadde vi tapt 6-0.
Brenne er einig. Keeperen til Os blei dessutan kåra til dagens Os-spelar for første gong.
– Det blei ein travel dag i mål, og det er kjekt med kåringa, men eg skulle helst sett at vi tok poeng i dag òg, seier Sunde Midtun.
Fana hadde 9 hjørnespark i dag, Os hadde eitt eller to.
Gjestar med energi
0-2 kom i 76. minutt. Os sin største sjanse kom på frispark av Marius Mikkelsen i 80. minutt, men skotet gjekk rett utanfor. Moldskred hadde nokre innlegg og forsøk på å spela Ekeland gjennom, men Fana forsvarte seg godt.
– Eg er nøgd med dagens prestasjon. Vi speler med energi, skaper mange sjansar og varierer godt i angrepsspelet vårt, seier Fana-trenar Ørjan Håland.
Fana var nær på å auka leiinga på noko som ville blitt blant årets finaste mål i avdelinga, eit saksespark på heil volley av Lars Christian Moldestad som Midtun så vidt redda.
– Han gjer det ofte, og hadde to sånne i førre kamp. Foreløpig har det ikkje blitt skåring, men det nærmar seg, seier Håland, ein smule imponert over den atletiske 17-åringen.
Os, som hadde godt publikum i dag, håper å løfta seg når dei også neste helg har heimekamp. Den går mot Vestfossen laurdag (kl 14.30).
Vestfossen tapte for Vard Haugesund i dag og har framleis berre 9 poeng.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.