Lokal | 20. mai 2018
Hissig gjest køyrd i arresten
Nekta å fjerna seg frå utestad i sentrum.
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 20. mai 2018 06:34
Laurdagskvelden hadde ikkje blitt gamal før vaktane på Kafé Engeline hadde problem med ein gjest.
Klokka 22.45 ba dei politiet om assistanse, utan at den hissige mannen endra humør.
– Han fekk pålegg om å roa seg ned og å fjerna seg frå plassen, noko han ikkje etterkom, fortel vakthavande ved Os lensmannskontor.
Mannen, som er i 30-åra, blei pågripen og køyrd til arresten i Bergen. Han er meldt for ikkje å etterkoma pålegg frå politiet.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.