Lokal | 15. juni 2017

Historisk møte med Os + Fusa

Éin kommune frå 2020: I dag møter, for første gong, dei to kommunestyra i Os og Fusa på veg mot samanslåing.

Historisk møte med Os + Fusa
Representantane frå kommunestyra i Os og Fusa blei sett saman i grupper på tvers av dei gamle kommunane (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 15. juni 2017 09:52

Torsdag 8. juni 2017 fatta Stortinget det historiske vedtaket om at Os og Fusa skal bli éin kommune. Torsdag 17. juni starta dei to kommunestyra det krevjande arbeidet med å staka ut vegen fram mot å bli éin frå 1. januar 2020.

– Saman har vi fått oppdraget frå Stortinget om å legga ned kommunane Os og Fusa og saman å oppretta ein ny kommune, helsa ordførar Atle Kvåle (AP) dei to kommunestyra i starten av møte.

Mange steiner skal snus

Til å leie kommunestyremøtet, som først og fremst handla om å bli kjend med kvarandre, trekkja lærdom frå kommunane Rissa og Leksvik, som slår seg saman frå 1.1.2018, kort diskutera namn på den nye kommune og mandatet til fellesnemnda, hadde dei fått inn dagleg leiar i KS-Konsulent Åsbjørn Vetti.

– De er i ferd med ein utruleg spennande prosess kor det er mange steiner som skal snuast på. Det er ein veldig krevjande prosess og de kjem aldri til å fatta så mange avgjerder på så kort tid som det de skal inn i no.

– Det krev tillit, respekt og at de byggjer relasjonar, innleia Vetti.

Gir store moglegheiter

Vetti poengterte at ein no har store moglegheiter til å tenkja nytt.

– Når de skal byggja ein ny kommune må alt tenkjast på og byggast på nytt. De kjem aldri til å ha så mange moglegheiter til å tenkja nytt og bygga noko nytt som det de har no.

Midtsiden kjem tilbake med meir frå dette historiske møtet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.