Hjort påkøyrd ved Skogafjellstunnelen
Ber trafikantar køyra varsamt i området.


Den siste tida har politiet fått fleire meldingar om hjort som går langs E39.
Laurdag i 23-tida kom det melding om påkøyrd hjort.
– Hjorten blei påkøyrd nær Skogafjellstunnelen. Alt er ok med bilførar. Viltkontakt blei varsla etter hendinga, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.
Dette er, med unntak av tidlegare melding om hjort som kom haltande ut av Skogafjellstunnelen, første påkøyrsle av hjort på ny E39 som Midtsiden kjenner til.
Politiet ber trafikantar i området vera på vakt.
Det har vore fleire bekymringsmeldingar og mange observasjonar av hjort langs den nye motorvegen, både før og etter opning.
I 100-sona i Endelausmarka er det fleire kilometer med viltgjerde, som delvis hindrar hjorten å koma inn på vegen, men også der har det vore hjort på vegen og inne i ein av tunellane.
Då vi spurde prosjektleiar om det var plan om skjerma også E39 i Svegatjørn for hjort før opning, ville dei sjå det an. Samtidig innrømte dei at det å planta gras å beita på, langs vegen, kanskje ikkje var optimalt.
Skilt med åtvaring av hjort har til no vore einaste trafikksikringstiltak.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.