Politi | 29. aug. 2023

Måtte jaga to hjortar ut av tunellen

– Bør skiltast betre, meiner politiet.

Måtte jaga to hjortar ut av tunellen
Lyshorntunnelen retning Bergen. (Foto: Nora F. Trippestad)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 29. aug. 2023 09:18

Klokka 00.18 natt til tysdag fekk politiet melding om to hjort som gjekk inne i Lyshorntunnelen.

Fartsgrensa på E39 Halhjemsvegen, i tunellen, er 100 km/t.

– Vegtrafikksentralen varsla viltkontakt, som fekk dyra ut av tunellen, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

– Det bør skiltast betre, og VTS er på saka, legg ho til.

Det har vore fleire observasjonar av hjort i og utanfor Skogafjellstunnelen, på Svegatjørnet-sida. Det er òg skilta fare for hjort før du er ute i tunellen retning mot Os.

Skilt i Skogafjellstunnelen retning frå Endelausmarka til Svegatjørn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Skilt i Skogafjellstunnelen retning frå Endelausmarka til Svegatjørn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

I Endelausmarka er det sett opp viltgjerde, men vegnettet er naturlegvis ikkje heilt «hermetisk lukka».

Dette er likevel første hjorteobservasjon på E39 i Endelausmarka vi kjenner til etter opning 31. oktober i fjor.

To av dei tre hjortane som vandra langs ny, uopna veg, på veslejulaftan. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògSkal ny E39 skjermast mot hjort?

Politiet har denne veka halde fram «aksjon trygg skuleveg».

Før klokka 08 måndag var dei på plass på Nore Neset.

– Trass i høg trafikk blei det ikkje observert noko vi vurderer som farleg situasjon, seier Lyssand.

På morgonen i dag var politiet i terrenget rundt Os barneskule.

– Heller ikkje her var det noko spesielt å bita seg merke i, men patruljen fekk beskjed om at dei var ønskt tilbake.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker

Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Moglegheit for fleire brukarar
Les meir og bestill

Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.