Sport | 01. sep. 2018

Hjortejakta er i gang

Den aukande mengda turgåarar i Os får no selskap av folk i andre ærend.

Hjortejakta er i gang
Ein hjort nær Søre Neset idrettsplass på Halhjem. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 01. sep. 2018 06:56

Det er laurdag 1. september, og årets hjortejakt er i gang.

– Vi jaktar stort sett i anna terreng enn langs dei mest populære turløypene, men det kan vera eit poeng å minna turgåarar på at jakta er i gang, seier Henrik Valle.

Valle er leiar i det største jaktveldet i Os, Os vest hjortevald, som er delt i fleire jaktfelt, og til saman har løyve på 150 dyr.

– Jegerane er vante med å ta omsyn, og dei får god opplæring. Turgåarane i Os er nok stort sett klar over at det er jakt i bygda om hausten, men det er greit å opplysa om at jakta no er i gang, så ikkje folk blir unødig skremte om dei treff folk med våpen.

Ei jakt i vekst

Mengda jegerar og mengda felte dyr aukar på landsbasis, i fjor var det 47.200 personar som jakta hjort, ei auke på 800 frå året før.

For tiande år på rad var hjortejakta i fjor større enn elgjakta målt i mengde felte dyr. Det ble felt 42.500​ hjort i løpet av jaktåret, ein oppgang på 4.800 dyr frå året før, ifølgje SSB.no.

I Hordaland, som er det tredje største hjortejaktfylket måt i felte dyr, blei det tatt 8.200 dyr, mens det blei felt 11.500 i Møre og Romsdal og 12.850 dyr i Sogn og Fjordane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.