Sport | 23. juli 2012

Høg elv - høge ambisjonar

Regnet som kom i helga har fått opp humøret til fiskarane i Oselvo.

Høg elv - høge ambisjonar
Nils Henrik Rød prøver lykken i sone 4 i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 23. juli 2012 08:24

Bildeserie:

Elva 15. juli. (Foto: KVB)
Elva 15. juli. (Foto: KVB)
Litt meir guff i dag. (Foto: KVB)
Litt meir guff i dag. (Foto: KVB)
Me denne pinnen lèt seg ikkje vippa av pinnen. (Foto: KVB)
Me denne pinnen lèt seg ikkje vippa av pinnen. (Foto: KVB)
Vatn inn til bua i sone 2. (Foto: KVB)
Vatn inn til bua i sone 2. (Foto: KVB)
Oversvømt benk i fossen. (Foto: KVB)
Oversvømt benk i fossen. (Foto: KVB)
Godt med vatn i sone 4 og 5. (Foto: KVB)
Godt med vatn i sone 4 og 5. (Foto: KVB)
Oversvømte steinar i Baronselva. (Foto: KVB)
Oversvømte steinar i Baronselva. (Foto: KVB)
1 av 7

Etter ein heller tørr start på årets sesong i Oselvo har det no kome rikeleg med vatn.

Fleire har fått fisk, også opningsnatta, men no er sjansen endå større.

– Vi satsar på at han bit i dag, seier Nils Henrik Rød.

Han fiska i sone 2 på opningsnatta. Frå klokka 8 i dag var han på plass i Hammaren (sone 4).

– Det har nok gått opp ein del laks på flo i 2-tida i natt og no er jo elva veldig stor og fin, seier Rød, spent på kva dagen vil bringa.

Midtsiden samleside: Jakt og fiske

Det regna tungt søndag og natt til måndag. På Ulven gjekk det eit lite ras, opplyser politiet. Teknisk vakt hos Os kommune har ikkje fått melding om trøbbel etter at den store mengda med nedbør kom.

Det skal halda fram med å regna ut måndag og natt til tysdag, men så kjem sol, opphaldsvêr og rundt 16 gradar. Den tørraste dagen denne veka blir truleg torsdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.