Rekord og Oskar til Thuen
Den første laksen Tor Åge Thuen tok opningsnatta var årets Oskar 2012. I natt tok han ein endå større.

Natt til søndag opna årets fiskesesong i Oselvo, og den 6,5 kilo tunge laksen Tor Åge Thuen tok klokka 02.10 er kåra til årets Oskar.
Henrik H. Sylta tok ein laks klokka 02.08, men uavhengig av kor presis klokkene til dei to fiskarane er så er fangsten ikkje nominert i år.
– Sylta ikkje medlem i Os Jakt og Fiskelag, seier leiar i fiskeutvalet, Kjell Mikkelsen til Midtsiden tysdag.
Ny personleg rekord i natt
Tor Åge, som fylte opp kvoten med to laksar opningsnatta, var natt til tysdag tilbake i Kremretten.
– Klokka 04.15 fekk eg fisk, ein fin laks på 7,8 kilo, fortel Tor Åge.
Thuen sin rekord er på 9,5 kilo, men den er tatt i Orkla. Den ferske fangsten på 7,8 kilo er den største han har tatt i Oselvo.
Den største laksen til no denne sesongen er det truleg Petter Spjell Røttingen som har tatt. Han hamna på elva då han berga fangsten på 8 kilo, tatt i sone 2 på dagtid søndag.
Les meir om laksefisket på Midtsiden samleside: Jakt og fiske
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Fra 36 kr/uke
Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.