Politi | 28. mars 2022

Høgaste forelegg blei 9.300 kroner

UP stoppa fire fartssyndarar.

Høgaste forelegg blei 9.300 kroner
Etter dagens promillekontroll heldt UP fram med fartskontroll på E39 Halhjemsvegen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 28. mars 2022 11:31

Måndag formiddag fortalte operasjonssentralen i Vest politidistrikt om promillekontroll på E39 Halhjemsvegen.

Alle dei 98 kontrollerte var edru.

UP heldt fram med laserkontroll i same område.

– Fire forelegg blei skrive ut mellom klokka 11.50 og 13.20, opplyser politiet.

Høgaste fart blei målt til 97 km/t i 70-sona.

Det resulterer i forelegg på 9.300 kroner og tre prikkar på førarkortet.

Førarkortet ryker når du passerer 105 km/t i 70-sona.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.