Politi | 27. mars 2022

Tatt for mobilbruk: Kvinne i 70-åra fekk 7.450 kroner i bot

Forelegget har auka for andre gong på 14 månadar.

Tatt for mobilbruk: Kvinne i 70-åra fekk 7.450 kroner i bot
(Arkivfoto/ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 27. mars 2022 07:17

Laurdag i 15-tida blei ein bilist stoppa på Ulvenvegen.

– Ho blei tatt for bruk av handhalden mobiltelefon under køyring, fortel vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Bilførar, ei kvinne i 70-åra, fekk 7.450 kroner i forelegg og tre prikkar på førarkortet.

Fram til utgangen av 2020 var straffa 1.700 kroner og to prikkar, 1. januar 2021 auka den til 5.000 kroner, men framleis to prikkar.

No, frå 1. mars, er reaksjonen skjerpa igjen.

Både vegvesenet og politiet bruker plassen ved Vognhallen til å vinka inn bilar. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògTo tatt for mobilbruk - neste år kan straffa auka til 7.450 kroner

Bruk av handhalden mobil under køyring har vore forbode sidan våren 2000.

Trass auka straffesats og låg sjanse for å bli stoppa, er det framleis mange som blir tatt.

Kva er lov og ikkje lov?

Dette seier paragrafen:

  • Fører av en motorvogn må ikke bruke mobiltelefon under kjøring.
  • Fører kan likevel bruke mobiltelefonen til å starte opp, gjennomføre og avslutte en samtale når mobiltelefonen under kjøringen er håndfri eller er plassert i en holder.
  • Holderen skal være forsvarlig fastmontert i umiddelbar nærhet av rattet og så nært førers ordinære synsfelt under kjøring som praktisk mulig, med mindre holderen er en integrert del av kjøretøyets orginalinnredning.
  • Når mobiltelefonen brukes håndfritt, kan den også benyttes til å styre og avspille lydfiler.

Du har heller ikkje lov å bruka mobiltelefonen når du står i kø eller på raudt lys, skriv VG.

På ungdomsfest for å forebygga

Seinare laurdag, frå klokka 22 og utover til over midnatt, var politiet fleire gongar innom eit selskapslokale i Os sentrum.

– Det var ein ungdomsfest i lokalet. Vi fekk nokre meldingar om fulle ungdomar og uro, og var der for å forebygga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.