Sport | 07. mai 2021

Høgt over lista då han slo eigen pers med 7 centimeter

– Fredag var eg skuffa, tysdag gjekk det betre, fortel Martin Hjertaker (16).

Høgt over lista då han slo eigen pers med 7 centimeter
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 07. mai 2021 07:00 - Sist oppdatert 07. mai 2021

Sjølv om han berre var 1 centimeter bak eigen personleg bestenotering førre fredag, var Martin Hjertaker (G16) langt frå nøgd med å hoppa 1,75 m i høgde under Gneist sitt opningsstemne.

– Sjølv om det har blitt mykje utandørstrening og lite terping på høgde denne vinteren, har eg hatt gode resultat på dei treningsøktene som har vore. Derfor var eg skuffa i førre veke, seier Martin til Midtsiden.

Tysdag denne veka var han tilsvarande nøgd på klubbstemne på heimebane på Kuventræ.

I noregstoppen

Martin hoppa 1,83 m med god margin, og var ikkje langt unna då han prøvde seg på 1,86 rett etterpå.

Uansett knuste han sin eigen pers med heile 7 centimeter.

– Så vidt eg veit er dette det tredje høgaste hoppet i min aldersklasse til no i år, og eg veit eg har meir inne, seier Martin nøgd.

Martin kunne jubla litt etter stemnet tysdag. (Foto: Sindre Steinsland)
Martin kunne jubla litt etter stemnet tysdag. (Foto: Sindre Steinsland)

Synne kopierte storebror

Martin konkurrerer helst i hopp. I haust deltok han i UM med høgde, lengde og tresteg.

– Det blei 3.plass i høgde og 4. plass i tresteg som beste resultat, fortel Martin.

Veslesøstera Synne (J13) har òg god spenst. Ho hoppa 1,37 m i høgde og forbetra med det persen sin med, som Martin, 7 centimeter.

Fleire gode resultat

Grunna få stemne har Os Turn friidrett sett opp fleire klubbstemne denne vårsesongen.

– Vi har til saman fire stemne før sommarferien. Dette er for at utøvarane skal få prøvd seg i konkurransar og få resultata sine registrerte, seier trenar Sindre Steinsland.

Totalt 15 utøvarar frå Os, frå 11 til 19 år, i tillegg til veteran, deltok.

På 60 meteren blei det ein jamn duell mellom Synne Hjertaker og Frida Berge Steinsland i J13-klassen.

Synne kapra siger med ny pers 9.47 tett følgd av Frida på 9.52, som òg er ny pers.

– Det var -1,8 motvind, så dette er imponerande.

På gutesida held Sondre Pedersen Matre (G13) den fine formkurva frå førre veke då han hoppa 4.56 meter i lengde og klinka til med 8.64 på 60 meter.

Diskos sto på programmet i kastøvingane:

J14 Julie Neheim Dyrli: 14,91 m
J17 Thea Osvold Hausberg: 23,91 m
J18/19 Malin Dale 21,45 m

– Jentene varta opp med fin kasting. Litt meir terping på teknikken så vil nok diskosen flyta lengre, seier Steinsland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.