Næringsliv | 17. okt. 2017

Høgt stillas innandørs på Amfisenteret

Senterleiar Silje Lygre forklarer kvifor.

Høgt stillas innandørs på Amfisenteret
Stillas er under bygging og dekoratør Hanne Lise Johnsen er allereie i gang med å henga kampanjemateriell opp i stillaset. (Foto: AMFI Os)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 17. okt. 2017 12:09

I det store fellesarealet på Amfisenteret er det rigga stillas.

– Før kundane nyrjar å lura på kva som foregår så kan vi orientera om at vi er i gang med å skifta glas i taket, sjølve glaspyramiden vår, fortel senterleiar Silje Lygre i ei pressemelding.

Stillaset er i ferd med å bli sett opp, så følgjer montering av midlertidig tak som skal beskytta mot vêr og vind mens glasarbeidet pågår.

– Området under glastaket vil bli sikra og halde ope for publikum under heile anleggsperioden. Vi ser fram til å ha nytt og forbetra glas på plass før jul, fortel Lygre.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.