Næringsliv | 13. juni 2009

Høns på Haugland

Briller og hatt var tema då Amfi Os inviterte tilsette på sommarfest. Gjestane tok temaet på alvor.

Høns på Haugland
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 13. juni 2009 22:21

Bildeserie:

1 av 5

Laurdag var over 100 tilsette ved butikkane på Amfi Os på sommarfest i ungdomshuset på Haugland.

- Det er nokre år sidan vi har hatt julebord, for desember er ei travel tid for oss. Men sommarfestar har vi hatt ein del år på rad no, seier senterleiar Anne Kristine Tøsdal.

Festen hadde "hatt og briller" som tema, og gjestane stilte opp med utrulege variantar av begge delar.

- Har de alltid tema på sommarfestane?

- I fjor hadde vi jubileum, så då gjekk vi i vanlege finklede. Men året før var temaet "cowboy", også det var vellukka.

- Vi kjem raskt i god stemning når vi får lov til å kle oss ut, seier senterleiaren med brannmannhatt og champagneglasbriller på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.