Fotball | 05. sep. 2021

– Horribel start, imponerande kamp

Trenar Ørjan Sandal er svært nøgd etter sesongens første bortekamp.

– Horribel start, imponerande kamp
Agathe Lekven auka til 2-0 i bortekampen mot Djerv. Her heime i treningskamp i august. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 05. sep. 2021 07:13

Os/Nore Neset starta årets serie med 3-3 heime mot Fyllingsdalen 2.

Fredag spelte dei borte mot Djerv, og fekk ifølgje hovudtrenar Ørjan Sandal ein tung start.

– Motstandar var brukbar, sjølv var vi famlande og lite bestemt i det vi gjorde, vi sleit med det å koma oss over midtbanen.

– Men etter ti minutt tok jentene grep, og derfrå og ut blei det ein veldig god kamp for vår del.

Os leia 2-0 til pause og vann 4-0.

– Dei to første skåringane kom på hovudet, den eine på innlegg, den andre på corner. Det er ikkje så ofte vi skårer på hovudet, så det var kjekt å sjå at dei kan dette også.

– Elles spelte vi mykje fin fotball lans bakken, med eitt og to touch, og skapte mange sjansar. Dette såg ut som ein kamp som var gøy for damene å spela, synest Sandal.

Djerv - Os/Nore Neset 0-4 (0-2)

Målskårarar, Os: Andrine Kvittingen (13.), Agathe Cöllestine Lekven (16.), Ingeborg Ljostveit (75.) og Lenea Hjelle Fløysand (86.).

Os: Anna Kyte Haugland - Helene Søviknes - Thale Strønen Skeie - Kristine Farestvedt Aasheim - Mariell Sivertsen - Gjertrud Toppe Håvardstun - Lenea Hjelle Fløysand - Karoline Østgulen Hevrøy - Andrine Brunvatne Kvittingen - Agathe Cöllestine Lekven - Ingeborg Ljostveit - Inger Christine Zhen Foldrup

Innbytarar: Kristina Haugland - Liva Johansen - Kinne Ullensvang Moland - Ingeborg Sundal Ljostveit

Os skulle hatt serieopning borte mot Bremnes, men denne blei flytta til mellom to andre bortekampar - førstekomande onsdag.

Så er det borte mot Fana 13. september. Neste heimekamp er ikkje før mot Gneist søndag 19. september.

Os/Nore Neset toppar tabellen etter to spelte kampar, før Bremnes har spelt sin andre.

Tabell og terminliste på fotball.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.