Os Fotball dame | 12. apr. 2021

Goalgetter og forsvarsbauta signerte for damelaget

Damelaget til Os Fotball har signert nye spelarar og ladar opp til sesong med ambisjonar om nok eit opprykk.

Goalgetter og forsvarsbauta signerte for damelaget
Angriparen Ingeborg Sundal Ljostveit og forsvarspelaren Mariell Sivertsen er klare for spel i gult og svart. (Foto: Os Fotball)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandmandag 12. apr. 2021 10:57

Os Fotball kan melda at damelaget til Os/Nore Neset forsterkar troppen i både angrep og forsvar. Angriparen Ingeborg Sundal Ljostveit (24) og forsvarspelaren Mariell Sivertsen (26) er klare for spel i gult og svart.

Ingeborg Sundal Ljostveit er ein målfarleg angripar frå Rosendal som står bokført med imponerande 44 mål på 36 kampar for moderklubben i 4. divisjon.

Ettersom Rosendal ikkje har damelag lenger, har den raske og sterke angriperen vore på jakt etter ny klubb.

– Eg ønskjar å spela med eit lag som er motiverte og der eg kan få utfordra meg meir som spelar, seier Ljostveit på Os Fotball si heimeside.

Mariell Sivertsen er ein duellsterk og tøff forsvarsspelar med gode leiareigenskapar.

Gode signeringar som passar perfekt

Hovudtrenar Ørjan Sandal er nøgd med sine to nye signeringar.

– Ingeborg og Mariell har glidd godt inn i spelargruppa frå første økt, og dette blir spelarar som passar perfekt for oss.

– Ingeborg er ein rask og sterk angripar med svært gode avslutningseigenskapar. Mariell er ein tøff og duellsterk forsvarsspelar som er flink til å ta ansvar og å kommunisera med dei rundt seg.

Os/Nore Neset har ikkje mista spelarar i vinter, men veteran Linda Johansen er skadd og mister heile årets sesong, og Vilde Drange Veglo gjekk som kjent til Sandviken før fjorårssesongen.

Damelagstrenar, Ørjan Sandal, gler seg over gode signeringar. (Foto: KVB)
Damelagstrenar, Ørjan Sandal, gler seg over gode signeringar. (Foto: KVB)

Skal kjempa om opprykk

Sandal er klar på kva som er ambisjonane.

– Vi skal kjempa om opprykk til 2. divisjon. Vi har fått ei flott gruppe som er godt vekta mellom ung og eldre.

– Det er sjølvsagt nokre tøffe utfordrarar til eit eventuelt opprykk, men det er bra at det er fleire lag som kan stjela poeng frå kvarandre, seier Sandal.

Saknar kamparenaen

Med pandemien som hinder i over eit år, er det ikkje noko anna som kan gjera kvardagen meir verdifull, enn å få spela kampar igjen.

– Vi treng berre å få spela kampar, det vil endra på alt. Vi har sakna kamparenaen noko enormt.

– Det blir diskutert fleire ulike måtar som vi skal få gjort unna seriespelet på, men for oss handlar det berre om å få spelt mot så mange lag som mogleg, seier Sandal.

Utfordrande oppkøyring

Med stadig nye beskjedar om kva som er lov og kva som ikkje er lov, stadig nye datoar for opning av seriespel, har oppladinga til årets sesong vore utfordrande.

– Det har vore utfordrande ja, men vi har heile tida valt å ta tak i dei positive tinga. No håpar vi det løyser seg med å få koma i gang med eit seriespel til hausten, avsluttar Sandal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.