Lokal | 10. sep. 2014

Høyrde skritt i stova

Politiet fekk i natt melding om eit mogleg innbrot på Søre Neset.

Høyrde skritt i stova
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 10. sep. 2014 07:05

Klokka 03.30 natt til onsdag fekk politiet melding frå ein innbyggar på Søre Neset som trur han har hatt ubodne gjestar.

– Han vakna av at han høyrde skritt i stova. Men skritta forsvann frå huset, fortel operasjonsleiar Preben Wallestad i Hordaland politidistrikt.

Då han kom ned var lyset på, men ingen personar å sjå.

– Det såg ikkje ut som om noko var sakna. Vedkomande fann heller ingen teikn på skade på dører eller vindauge, så det er uvisst korleis eventuelt ubodne gjestar har tatt seg inn.

Smell på Halhjem

Frå ei adresse nær Halhjem kom det klokka 00.57 melding om eit smell.

– Det høyrdes ut som eit rifleskot. Det er mogleg at det har vore jakt i måneskinet, og det førte ikkje til nokre tiltak frå vår side, fortel Wallestad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.