Meining | 26. mars 2022

Hummarfreding - når tida er moden

Prosessen har vore sterkt kritikkverdig.

Hummarfreding - når tida er moden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 26. mars 2022 20:18

Enkelte saker engasjerer meir enn andre i lokalpolitikken, og saka om hummarfredning er ei slik sak.

Saka skal behandlast i kommunestyret komande torsdag, og har hatt ein runde i PBU.

Les ògFleirtal for to fredingsområde for hummar

Me i Høgre kan trygga alle som engasjerer seg i saka, om at Høgre komande torsdag, IKKJE vil støtta innstillinga slik den ligg føre, og som startar med «Kommunestyret gjer vedtak om å oppretta fredningsområde for hummar ved Vinnes og Røtinga i Bjørnafjorden kommune…».

Bakgrunn for saka: Eit stort fleirtal i kommunestyret bad6.5.21 administrasjonen om å leggja fram sak om eventuell hummarfredning i vår kommune.

Høgre støtta opp om forslaget fordi me tek innover oss at hummarbestanden har blitt svært redusert, og fordi vi ynskjer å sikra at framtidige generasjonar også skal kunna fiska hummar slik me gjer i dag.

Prosessen i saka fram til i dag ser me har vore sterkt kritikkverdig. Då saka vart lagt fram for PBU var innstillinga frå kommunedirektøren at ein skulle oppretta fredningsområdepå Røtinga og Vinnes.

To dagar før saka skulle behandlast i PBU vart det invitert til folkemøte. Der kom det fram at ingen relevante interesseorganisasjonar hadde vore involvert i saka slik tilrådinga frå Fiskeridirektoratet er.

Yrkesfiskarar og aktive fritidsfiskarar vil vera gode informantar i prosessen med å identifisera eigna område. Interressemotsetningar skal kartleggast for å sikra at område som vert valde ut er godt forankra lokalt slik at reglar vert følgde, og ein ikkje må bruka mykje ressursar på kontrollar.

I etterkant av folkemøtet, har saka endra seg og kommunen inviterer no interessentar til å kome med innspel til eigna lokalitetar for fredningsområde med frist 1. mai kl 23.59.

Dei inviterer samtundes til nytt folkemøte 4. mai kl 18.00-21.00 der faglege tilrådingar vil vert presenterte FØR ny sak skal skrivast til politisk nivå.

https://bjornafjorden.kommune.no/_f/p1/id404830b-091d-48c3-884e-d9b187ac6716/brukarmedverknad-og-folkemote-nr2.pdf

I møtet i PBU 16.3 , vart det orientert om at det no var lagt opp til ei slik lokal høyring, for å få innspel frå ulike interessentar.

Høgre tek sjølvkritikk for at me ikkje fekk endra ordlyden i vedtaket som vart fatta i PBU møte, noko som har ført til svært stor pågang av telefonar og e-postar, særleg til vår gruppeleiar.

Me i Høgre oppmodar med dette alle som sit med viktig lokal kunnskap om gje høyringsinnspel i saka, slik at kommunestyret sitt endelege vedtak vert å freda det best eigna området i vår kommune, og samstundes ivaretek kystkulturenvår.

Område som sikrar hummarbestanden, samtidig som dei aller fleste kan forsetje å fiska slik dei gjer i dag.

Høgre si kommunestyregruppe

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.