Lysekloster, som var nær på å slå Åsane ut av NM i 2016 (bildet), spelte i kveld treningskamp mot OBOS-klubben. (Foto: KVB)

Huseklepp sørgja for siger over Lysekloster

Åsane inviterte til treningskamp i Vestlandshallen, og ser ut til å ha fått passeleg motstand.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Sportsleg leiar i Lysekloster, Svein Kollen, er nøgd etter treningskampen mot Åsane i Vestlandshallen onsdag kveld.

– I første omgang var det kanskje 1-1 i sjansar, mens eg vil seia Åsane hadde 4-2 i sjansar etter pause.

Kampen enda 0-1. Målet kom i 2. omgang og blei skåra av Erik Huseklepp.

«Åsane hadde god kontroll defensivt på Lysekloster i hele kampen og slapp de nesten ikke til foran Åsane målet i det hele tatt», skriv Åsane Fotball i referat på sine heimesider.

OBOS-klubben er einige i at begge lag skapte lite før pause, og at Lysekloster hadde den største sjansen.

– Det såg ut som om corneren vår skulle headast rett i krysset av Mats Walberg, men så blei forsøket redda etter eit tigersprang av Åsane-keeperen.

Brukte 18 og 22 spelarar

Lysekloster måtte klara seg utan blant andre Denis Ljubivic og Vladan Radojkic i dagens kamp, men fekk brukt alle 18 spelarane dei hadde med seg.

Åsane stilte med to heile lag og skifta 11 mann i pausen.

Lysekloster frå start: Kjetil Hansen, Thorvald Trætteberg, Szymon Walczak, Mats Walberg, Andre Matos, Eirik Rode, Ole Thomas Herrem, Hassand Rahmani, Marcus Sannes, Stian Dyngeland, Kristoffer Østervold.
Innbytarar med speletid: Thomas Hille, Eirik Rode, Erlend Opheim Instabø, Lars Hadler-Olsen, Even Vetås, Ken Joar Føyen, Martin Pedersen og Truls Hovland.

Åsane sitt lag i 1. omgang: Eirik Østgaard-Fabian Rimestad, Ole Martin Kolskogen, Magnus Bruun-Hanssen-Taye, Stian Nygard, Simen Lassen, Viljar Birkeland-August Selnes, Joakim Hammersland, Senai Hagos
Åsane i 2. omgang: Borger Thomas-Rilwan, Aleksander Solli, Martin Ueland-Sondre Bjørshol, Jonas Hestetun, Andreas Fantoft, Nikolai Harris-Geir André Herrem, Erik Huseklepp, Dennis Antwi.

100 frå Os på same fly

– Dette var ei god gennomkøyring for vår del. No har vi møtt to OBOS-lag og tapt 0-1 for begge. Det synest eg bør vera greit, seier Kollen, som no ser fram til ei veke på treningsleir i Tyrkia.

Til helga set rundt 100 fotballspelarar og støtteapparat frå Osbygda seg på same fly, Lysekloster, Os, Os 2 og Os sitt damelag. Klubbane skal til kvar sin by, men reiser samla.

Lysekloster har ordna seg med ein treningskamp i Tyrkia, tysdag møter dei Århus.