HV vil visa kven dei er
Fredag 5. desember arrangerer Heimevernet Uniform-på-jobben-dagen for sjette gong.


Fredag 5. desember arrangerer Heimevernet Uniform-på-jobben-dagen for sjette gong.
Då kan du møta soldatar i uniform på butikken, bussen, skulen, legekontoret eller om du får ein handverkar på besøk. Soldatane til heimevernet kjem frå alle yrkesgrupper.
– Vi gjer dette fordi vi ønskjer å synleggjera for Noreg kva Heimevernet er, og kva personar som utgjer Heimevernet, seier generalmajor Frode Ommundsen, som er sjef for HV.
Alle soldatar, befal og offiserar i Heimevernet blir oppmoda til å bera uniform denne dagen.
– Formålet med Uniform på jobbein-dagen er å skapa stoltheit og anerkjenning for den innsatsen heimevernssoldaten legg ned, og vise kor viktig HV er for den lokale beredskapen i alle kommunane i landet. Vi håpar ein slik dag vil skapa interesse og entusiasme for HV.
– I dagens tryggingspolitiske situasjon er det viktig å synleggjera Heimevernet som ei militær avdeling klar til å hjelpa til i fred, krise og krig.
Det er frivillig å delta i denne markeringa, og alle deltakande har fått løyve frå den sivile arbeidsgivaren sin eller studiestad.





