75 år gamle HV stiller med uniform på jobb

I morgon er det jubileum. Då blir fleire av soldatane blant oss synlege «kor som helst».

Heimevernet oppstilte på Ulven på 1950-talet. (Eigar av bildet er Terje Os, fotograf er truleg faren, Jørgen Os)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 05. des. 2021 15:10

Mandag 6. desember er det 75 år sidan Heimevernet var oppretta ved at Stortingsmelding nr 32 vart lagt fram og vedteken av Stortinget 6. desember 1946.

Heimevernet markerer det med «uniform på jobben-dagen» - for andre år på rad.

– Eg vil at soldatane i Heimevernet skal vera stolte over å gå med uniformen, og håper «uniform på jobben-dagen» vil visa arbeidsgjevarar, kollagaer, venar, familie og andre at HV er ein del av den nasjonale beredskapen, seier generalmajor Elisabeth Michelsen, sjef for Heimevernet.

Stian Sebuøygard var ein av mange HV-soldatar som deltok på «uniform på jobben-dagen» i fjor. (Foto: Tore Ellingsen/Forsvaret)

Michelsen presiserer at ingen av soldatane er væpna.

Heimevernet består av 40.000 soldatar som har sivile jobbar eller studerer i det daglige.

Lokal markering

Heimevernet både på Fusa-sida og i Os blei oppretta på nyåret 1947. Os HV-område er det sørlegaste i bergensavsnittet.

– I starten var oppdraget til området mellom anna knytt til dei tyske forsvarsverka ein framleis kan sjå spor etter bak Oseana i Mobergsvika. Etter kvart vart det andre oppdrag, mellom anna med sikring av viktig infrastruktur, fortel kaptein Lars Torpe, områdesjef Os HV-område 09102.

I dag i bynære strøk bur det gjerne folk som gjer teneste i mange ulike HV-områder, men kvar kommune har likevel minst eit HV-område som er «sitt», og som er representert i kommunen sitt beredskapsråd.

Kaptein Lars Torpe, her på Ulven under markeringa i mai. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Her kan nemnast både den før så hemmelege fjellhallen på Solstrand og oppsetjingsplassen for mobiliseringshæren på Ulven. Vegnettet var og viktig, og på begge sider av Bjørnafjorden var det HV-troppar som, om naudsynt, kunne øydeleggja det.

Sidan starten har det lokale HV hjelpt til med både leiteaksjonar og med å sløkkja skogbrannar.

– Det er godt å ha ein slik arena, seier Børrea Schau-Larsen om bunkersen frå 1954, som ho kjøpte tilbake i 1996. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògDen «hemmelege» arenaen - Solstrand sin fjellhall

Os HV-område gjorde unna si markering av jubileet under den årlege treninga i slutten av september.

– På jubileumsdagen måndag 6. kan alle HV-soldatar og HV-veteranar gratulera seg sjølv med dagen og tenkja på den samfunnsnyttige tenesta dei har utført, seier Torpe.

Bildeserie:

Harald Agasøster med ein gamal mauser, Yngve ranøy med HK416, som er i bruk i dag. (Foto: HV Os)
Heimevernet oppstilte på Os Skyttarlag sitt anlegg i september. (Foto: HV Os)
Pål Heimtoft (t.v.) i arbeidsuniformen som var i bruk frå 1953, Sjur Bergo (t.h.) i den gamle feltuniformen. (Foto: HV Os)
Harald Agasøster med ein gamal mauser, Yngve ranøy med HK416, som er i bruk i dag. (Foto: HV Os)
Heimevernet oppstilte på Os Skyttarlag sitt anlegg i september. (Foto: HV Os)
1 av 3
Heimevernet oppstilte på Os Skyttarlag sitt anlegg i september. (Foto: HV Os)
Pål Heimtoft (t.v.) i arbeidsuniformen som var i bruk frå 1953, Sjur Bergo (t.h.) i den gamle feltuniformen. (Foto: HV Os)
Harald Agasøster med ein gamal mauser, Yngve ranøy med HK416, som er i bruk i dag. (Foto: HV Os)

Samlar inn gamle bilde

Det lokale Heimevernet kunne meir eller mindre direkte byggja på den svært godt organiserte motstandsrøsla som var her i området.

Det var smått med uniformar og utstyr i starten, men svært høg forsvarsvilje.

– Oddvar Eikemo og eg driv framleis og samlar lokal HV-historie.

– Dei som har gamle bilde eller annan HV-relatert informasjon frå gamle dagar må gjerne ta kontakt med meg (på epost ltorpe@mil.no), seier Torpe.

Det var ei fin markering på Ulven 8. mai. Heimevernet i Os hadde også markering på øving i september. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.