Politi | 01. des. 2022

Hysterisk passasjer henta av politiet

Måtte sletta bilda ho tok av sjåføren før ho blei køyrd heim.

Hysterisk passasjer henta av politiet
Os terminal. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 01. des. 2022 08:35

Plitiet blei i natt kontakta i samband med ein kvinneleg passasjer på ein buss på veg frå Bergen til Os.

– Julebordsesongen er i gang, kommenterer politioverbetjent Anne Lyssand.

Det var i 01.10-tida i natt at kvinna hadde vakna om bord på bussen, og tydelegvis ikkje slått seg til ro med at bussen grunna vegarbeid måtte køyra ein omveg.

– Kvinna byrja å skrika, og tok bilde av sjåføren.

Ein patrulje frå Bergen rykte ut og tok kvinna med seg etter at dei fekk sjå at ho sletta alle bilda av bussjåføren.

Politiet opprettar ikkje sak.

Onsdag hadde politiet også ein promillekontroll.

UP sto ved Er-An på Byvegen og kontrollerte 54 sjåførar. Alle var edru.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.