Helse | 29. nov. 2022

– Det er umogleg å stoppa vald og overgrep som ingen veit om

Sei ifrå-kampanje: Kva bør du sjå etter, kva bør du seia og kva bør du unngå?

– Det er umogleg å stoppa vald og overgrep som ingen veit om
Bjørnafjorden kommune bruker ny plan som verktøy i kampanje som varer til 10. desember. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 29. nov. 2022 10:37

Bjørnafjorden kommune har laga ein plan mot vald i nære relasjonar. Denne er verktøy for kommunen i kampanjen dei starta fredag og varer til 10. desember.

Kommunen rettar søkjelyset mot vald og overgrep.

Målet med kampanjen er å gjera innbyggarar og tilsette merksame på kva dei skal gjera og kven dei skal kontakta ved mistanke om vald og overgrep.

– Det kan vera veldig vanskeleg for den det gjeld å melda ifrå. Derfor er det heilt avgjerande at du som ser, høyrer eller opplever noko som får deg til å undra, faktisk gir beskjed, skriv kommunen.

– Det er umogleg å stoppa vald og overgrep som ingen veit om. Sei ifrå! lyder oppmodinga.

Kommunen understreker at du som varslar ikkje har ansvar for å stadfesta eller bevisa mistanken din, det er det andre som skal gjera.

– Alle har eit ansvar for å melda ifrå om vald og overgrep - anten du er familiemedlem, nabo, venn, klassekamerat, kollega, barnehagetilsett, lærar eller forbipasserande på gata.

Eva-Mari Solberg fekk mykje ros då ho la framplanen for kommunestyret 4. november i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Eva-Mari Solberg fekk mykje ros då ho la framplanen for kommunestyret 4. november i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Eva-Mari Solberg la framplanen for kommunestyret 4. november i fjor.

Ho fekk mykje ros for planen, ikkje minst grunna ideen om enkel og effektiv formidling av informasjon via ulike «tiltakskort».

Kvart kort inneheld råd og informasjon til både vitne og offer innan ulike tema:

  • Kva gjer du ved mistanke om vald eller seksuelle overgrep mot barn?
  • Vald og overgrep mot barn: Akutte situasjonar og viktige telefonnummer
  • Kva gjer du ved mistanke om vald i nære relasjonar?
  • Vald i nære relasjonar: Akutte situasjonar og viktige telefonnummer

Det kom også ei anbefaling å omsetja og trykka korta på ulike språk. Det er gjennomført, korta finst på engelsk, arabisk og ukrainsk i tillegg til norsk.

Dei kan lesast og lastast ned på kommunen si heimeside - blant anna frå saka som omtalar gjeldande kampanje.

Kommunen bruker også desse kampanjevekene til å skriva fleire saker om temaet. Du finn alle under «siste nytt» på bjornafjorden-kommune.no.

Unngå å seia «Oi, så forferdeleg!»

Her er eksempel på tips og informasjon frå eitt av emnene: Kva gjer du ved mistanke om vald i nære relasjonar?

Sjå:
Sår og blåmerke
Brann- og stikkskadar
Svimmelheit
Konsentrasjonsvanskar
Søvn- og spiseforstyrringar
Uro og utagerande åtferd
Er unnvikande
Depresjon
Virkar irritabel
Endring i åtferd
Avtalar blir ofte endra
Personen vil ikkje ta imot hjelp som krev innsyn i familien
Partner er ofte med til avtalane
Hyppige legebesøk med diffuse symptom
Reaksjonar ved berøring
Bruk av rusmiddel

Spør:
Prøv å få til ein dialog slik at valden kan bli erkjent.
Start gjerne med: Eg er bekymra.
Beskriv så det du ser: t.d. Det verkar som du er ofte borte frå jobb. Du verkar sliten. Eg ser at du har blåmerke på armen.
Fortsett med: Dette gjeld kanskje ikkje deg, men mi erfaring er at mange som ikkje har det så greitt heime kan få slike plagar. Kva tenker du om det? Korleis har du det heime?

Tips
Prøv å unngå å bruke ordet "vald"
Still opne spørsmål (ikkje leiande)
Lytt aktivt - sei Hmm... fortel meir om det. Beskriv, kva gjorde du? Kor var du? Korleis opplevde du dette?
Gjenta nøkkelord
Unngå vurderingar av det som har skjedd, som Oi, så forferdeleg!
Tilpass spørsmåla til alder og forståing

Avklar:
Korleis artar valden seg?
Slag, truslar, seksuell tvang
Lugging, brenning, audmjuking eller latterleggjering
Manglande råderett over eigne pengar
Blir nekta kontakt med familie og venner
Ting vedkommande er glad i blir øydelagde
Mishandling av kjæledyr
Tvangsekteskap
Kor alvorleg er valden?

Når skjedde dette sist?
Beskriv kva som skjedde
Er du redd for at noko skal skje framover?
Er det fare for liv og helse for deg sjølv eller barna dine?
Har du tidlegare vore i kontakt med politiet eller krisesenter?

Risikofaktorar
Samlivsbrot, tidlegare valdsepisodar, tilgang til våpen, arbeidsløyse, økonomiske vanskar, sjukdom og rusavhengigheit kan bety auka risiko for grov vald og partnerdrap. Politi og krisesenter bør kontaktast.

  • Be den valdsutsette skrive ned kva som har skjedd og skjer, kor og når det har skjedd.
  • Informer den valdsutsette om kva du vil gjere med det du no har fått vite.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.