I dag blei lysa på Borgafjellet tente
I kveld er det tenning av julegrana i Os sentrum.
Klokka 08.45 i dag, fredag før første søndag i advendt, blei dei tre lyslenkene i masta på Borgafjellet tente for 24. år på rad.
Bolaks, som kom på banen som sponsor i fjor, skal også i år ha vore på Borgafjellet barneskule for å sjå elevane tenna lyslenkene til Os Kulturutvikling.
Bolaks har også gitt kakao til elevane ved andre skular, og blant anna Lunde barneskule samla elevane utandørs for å sjå tenninga på avstand.
– Det blei business as usual, med skifte av rundt 70 av dei 450 pærene, og heldigvis fint vêr mens vi førebudde lenkene til årets vinter, seier Leif Ragnar Tveit frå Os Kulturutvikling.
– Det minkar på pærer på lager, og desse lyspærene er ikkje å få tak i lenger. Det er med andre ord truleg ikkje så lenge til vi må sjå om vi klarer å finansiera nye lyslenker.
I kveld er det marsj frå Giskavollen til Torget for tenning av julegrana på Osøyro.
Sentrumskjerna blir, delar av gatene Øyro, Landboden, Torggata og Brugata, blir stengt for biltrafikk mellom klokka 17 og 20.
Om lysa på Borgafjellet
Første gong lysa var tent var i 1999. Os Kulturutvikling, som eig og driftar lysa (og driv Vognhallen og skulptursymposiet), har laga ein tradisjon av ideen til Arne Martin Holen i den gong Bjørnefjorden Reiselivslag. Ideen blei utvikla saman med Tor Helge Eiken i Bjørnefjorden Næringslivslag og gjennomført saman med Knut Natvik i Os Sentrumsforening.
- Lysa er drifta av Os Kulturutvikling, med økonomisk støtte av sponsorar
- Det er Telenor som eig masta og Eltel Networks som driftar den
- Kvar av dei tre lyslenkene er cirka 50 meter lange
- Det er 3 x 150 lyspærer lenkene
- Borgafjellet er 353 meter over havskorpa
- Kvart år sidan 1999 har det vore lyslenker i masta på toppen
- Les meir om ideen og historikken til lyslenkene