Politi | 13. jan. 2023

I går var det vegvesenet som gjorde størst fangst

Vegvesenet og UP hadde kontrollar i Os i går.

I går var det vegvesenet som gjorde størst fangst
UP hadde kontoll to stadar i Os i går. (Arkivbilde frå Byvegen, foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 13. jan. 2023 08:53

Utrykningspolitiet hadde to kontrollar i Os i går.

I 12.15-tida kontrollerte dei ni tunge bilar på Halhjem ferjekai for promille, mobilbruk og bilbelte utan å finna noko å reagera på.

I 13.45-tida sto dei nærmare Os sentrum.

– Mangellapp på ein MC var einaste reaksjon her, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

På dagtid torsdag hadde vegvesenet kontroll på E39 ved Svegatjørn.

Kontrollplass Svegatjørn i Ulvenvegen ved ny E39. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kontrollplass Svegatjørn i Ulvenvegen ved ny E39. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Eit køyretøy fekk vektgebyr på 11.900 kroner og måtte ned i lovleg vekt før vedkomande fekk køyra vidare.

Fem førarar blei kontrollert for køyre- og kviletid. Her blei det gebyr på 1000 kroner på ein av dei, åtvaring til ein annan og to firma som blei sendt til foretakskontroll.

Ein sjåfør fekk bruksforbod grunna eit bord i frontruta, tre andre fekk bruksforbod grunna dårleg lastsikring og ein siste fekk bruksforbod grunna tørr svingskive.

Ein varebil fekk ikkje køyra vidare før forsikring var ordna, ein buss fekk mangellapp grunna ikkje godkjent brannslokkingsapparat.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.