Lokal | 14. aug. 2014

I hundre på Ulvensletta

Politiet tok tre fartssyndarar på Ulvensletta onsdag kveld. Høgaste fart blei målt til 101 km/t.

I hundre på Ulvensletta
Politiet hadde laserkontroll i 80-sona på Ulvensletta i går. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 14. aug. 2014 07:01

Onsdag frå klokka 20 til 21.15 hadde politiet laserkontroll på Ulvensletta.

– Det blei skrive ut tre forenkla forelegg, alle blei vedtatt, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Høgaste fart blei målt til 101 km/t. Heldigvis for føraren var målinga i 80-sona, ikkje i den nye 50-sona i sørenden av Ulvensletta.

Vedkomande får likevel eit forelegg som svir, 4900 kroner må han ut med.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.