Lokal | 11. jan. 2012

I mykje betre form

Hamnesjefen er på betringens veg. - Vi har funne to diagnosar så langt, fortel veterinær Eva Kristin Lunde.

I mykje betre form
Veterinær Eva Kristin Lunde behandlar "Hamnesjefen" med mellomanna antibiotika (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamreonsdag 11. jan. 2012 09:09

Måndag var Midtsiden med på å få fatt i "Hamnesjefen" (Svanefar som har styrt Oselvo med fast nebb det siste året). Saman med Gro Fjelltveit og Sølvi Bugge fekk vi han til Osøyro Dyreklinikk for ein sjekk.

- Så langt har vi fått stilt to diagnoser på han og vi har starta å gje han behandling for desse.

- Han er mykje kvikkare allereie, men treng framleis medisinering, fortel veterinær Eva Kristin Lunde.

Prøvar viser at svana har fått ein luftvegsinfeksjon som må behandlast med antibiotika. I tillegg er han feilernært med låge kalsiumverdiar.

- Han har nok fått for mykje brødmat frå folk som har villa vera snille med han. Dette har gjort at han har spist for lite naturleg svanemat og dermed ikkje fått i seg alle dei næringsstoffa han treng.

Framleis ventar klinikken på nokre prøvesvar, mellom anna mengda bly han har i seg.

Treng sjøbod

Medan han er på klinikken bur Hamnesjefen i det største hundeburet dei har i oppstallinga på klinikken.

- Vi går på akuttvakt til helga og skulle gjerne hatt ein anna plass å ha han.

- Det er for tidleg å sleppa han fri sidan han framleis går på antibiotika, men om det er nokon som har ein sjøbod, gjerne ved elva, som han kan få bu i til han blir heilt frisk, så hadde det vore bra.

- Dermed kan vi halda fram å medisinera han i eit miljø han kan føler seg tryggare i og med meir kjente luktar enn det det er her på klinikken, avsluttar Lunde.

Om du har ein sjøbod ved elva der du kan rydda ein liten plass til svana kan du kontakta dyreklinikken.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.