Lokal | 21. feb. 2017
I rute med glastaket
I dag starta monteringa av søylene til glastaket over fortauet på Øyro.
Andris Hamretysdag 21. feb. 2017 13:14
30. januar starta arbeidet med fundamenta til baldakinane som skal koma over fortaua på beggje sider av Øyro frå hjørnet ved bussterminalen til torget.
– Først skal vi få fundamenta på plass, så kjem søylene og glastaket, fortale prosjektleiar Tor Inge Døsen då.
Planen var då at monteringa av søyler skulle ta til i veke sju, før glastaket blir montert i første halvdel av mars.
Baldakinane skal gå 3,4 meter ut frå husveggane. Før påske skal ein altså kunne gå tørrskodd mellom fleire av butikkane på Øyro.